Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Modell utleigekapasitet

Nyttig informasjon

Siste frist for innsending av dokumentasjon på utleige og inngåing av avtalar etter ombytemodellen er 31.03.2017.

Frist for innsending av søknad om dispensasjon for bruksendring med bakgrunn i ombytemodellen er 01.05.2017.


Det har den siste tida kome ein del kritikk knytt opp til Vinje kommunes oppfylging av bruken av hytter og leilegheiter på næringseigedomar, storleiken av eksisterande næringsareal og framtidige område regulert til næring. Det  understrekast at dette er saker som er uavhengig av kvarandre.

Hyttesaka - Oppfølging av utleigeplikt

Den pågåande oppfølginga av bruk av bygde utleigeeiningar på næringseigedomar er oppfylging etter plan- og bygningslova (pbl.). Dette er kjernen i den såkalla «hyttesaka».  Utgangspunktet har alltid vore at område utlagt til utleigeføremål skal nyttast til utleige. I 2004 blei det fatta eit vedtak som gjorde det mogleg å bruke utleigeeiningar til fritidsbustad, for ei avgrensa periode av året, dersom nærare bestemte vilkår var oppfylt. I dette vedtaket blei det sagt at utleigeeiningar kunne bruksendrast til fritidsbustad når vilkåra var oppfylt i ein periode på 8 år.

Vinje kommune har i lengre tid arbeidd med å fylgje opp dette vedtaket og er i desse dagar i gang med å innvilga dispensasjon for bruksendring av einingar som har etterlevd vedtaket frå 2004. Ein del har fylgt vilkåra i vedtaket og kan utan problem dokumentera utleigekontraktar og utleige, men endå fleire kan ikkje det. Grunnane til det kan vera mange og variera. Uansett kva grunngjevingar som blir bruka har kommunen ei plikt til å forfølgje ulovlege forhold etter plan- og bygningslova. Kommunen kan og vil pålegge den einskilde eigar å stanse ulovleg bruk av hytter/leilegheiter. Denne saka har store ringverkingar og er ei viktig sak for kommunen, samstundes som det er viktig å sende eit tydeleg signal om korleis ein skal halde seg til gjeldande reguleringar. Grunneigerar, utbyggjerar og hytteeigerar må halde seg til gjeldande reguleringar og politiske vedtak på same måte som elles i samfunnet.

Det har frå fleire hald blitt ytra eit sterkt ønskje om at sal- og tilbakeleige avviklast i kommunen. Kommunestyret vedtok 18.06.2015 å avvikle kommunens ordning om at ein kan søke dispensasjon for bruksendring av einingar som har vore i utleige i 8 år jf. kommunestyrevedtak av 09.12.2004.

Mange etterlyser empiri om etterspurnad etter utleigesenger i forbindelse med kommunens arbeid med oppfylging av utleigeplikt og i forbindelse med ombytemodellen. Slik empiri kan er mest relevant for framtidige vurderingar. I samband med rullering av kommunedelplanen for Vågslid vil kommunen hente inn eksterne vurderingar og analyser som vil vera av betyding når ein skal vurdera kor store områder som skal vera avsett til næring i framtidige reguleringsplanar.  Denne saka (hyttesaka) ei kompleks og samansett sak som primært handlar om oppfylging av bruk etter plan- og bygningslova.

Ombytemodellen som kommunestyret vedtok 18.06.2015 er blitt presentera som eit alternativ til dei som har sterke innvendingar mot å leige ut si eining i samsvar med gjeldande reguleringar og vedtak. Løysninga er eigentleg ganske enkel. Enten så leiger ein ut eininga i samsvar med gjeldande reguleringar og vedtak eller så sørgjer ein for at einingas del av utleigekapasiteten blir oppretthalden i eit bestemt forhold gjennom ombytemodellen. På denne måten blir omsyna bak områdets reguleringsføremål ikkje vesentleg tilsidesett. Eigerar av einingar på områder regulera til næring har kjøpt ein næringseigendom og må halde seg til det. Kva som har blitt sagt og avtala mellom kjøpar og seljar i ein kjøpsprosess er eit privatrettsleg forhold som kommunen som forvaltningsmyndigheit ikkje har anledning til å gå inn i.  Kommunen kan heller ikkje  avhjelpe tiltakshavars problem med utleige eller sal gjennom å dispensera frå kommunedelplananes føresegn kvar gong ein slik situasjon oppstår. Mange har også gitt klart uttrykk for at dei visste at dei kjøpte ein næringseigedom, men at dei fekk inntrykk av at dette ikkje blei fylgt opp. For kommunen har det heile tida vore viktig at bruk av einingar samsvarar med reguleringar.

Bakgrunnen for arbeidet med ombytemodellen var å finne fram til ei ordning som kunne avhjelpe den situasjonen som var oppstått i kommunen med uryddig, ulovleg og uoversiktleg bruk av næringseigedomar. Det var ikkje og er ikkje med tanke på å byggje ut ordinær utleigekapasitet med finansieringsmodellar.  Alternativet til ombytemodellen er som tidligare påpeika at ein leiger ut i samsvar med gjeldande reguleringar og vedtak. Dei som ikkje rettar seg etter gjeldande reguleringar vil få pålegg om retting av bruk og varsel om tvangsmulkt. Ombytemodellen er presentera som eit alternativ til dette og er eit heilt frivillig alternativ.

Kven som står for bygging av erstatningssenger etter ombytemodellen eller kven som står for administrasjon av utleige av desse når dei er bygd legg ikkje kommunen seg i, så lenge det er i tråd med gjeldande vedtak og reglar. Ein står fritt til å byggje i egna tilknytt området og ein står fritt til å etablera eit profesjonelt utleigeselskap som driv utleige i felles drift.

I ein kommune som Vinje er det viktig med ein balanse mellom såkalla varme og kalde senger.  Varme senger er ein viktig føresetnad for ein kommunen som ikkje berre skal vera ein hyttekommune, men også ein reiselivskommune.

Slik situasjonen står i dag har eigerar av einingar oppført med 8 års sal og tilbakeleige 3 val

  1. Søke dispensasjon for bruksendring av eininga med bakgrunn i at ein har innfridd vilkåra om 8 års utleigeplikt, jf. kommunestyrevedtak av 09.12.2004.

  2. Leige ut eininga i samsvar med gjeldande reguleringar og vedtak

  3. Søke dispensasjon for bruksendring av eininga med bakgrunn i ombytemodellen.

     

Ombytemodellen

Sal- og tilbakeleige er ei ordning som er i bruk fleire stadar i landet. Det som skil Vinje kommune frå andre kommunar er at kommunen har hatt ei ordning der ein etter 8 år kan søkje dispensasjon for bruksendring av si eining. I dei andre kommunane gjeld evigvarande utleigeplikt i 70% av året.

Ordninga i kommunen har ikkje fungera heilt som tiltenkt då ein del einingar har vore selt utan at kjøpar nødvendigvis har fått tilstrekkeleg informasjon frå seljar om kva krav som gjeld for ein næringseigedom og korleis ein skal halde seg til ei utleigeplikt. I tillegg har mange bevisst prøvd å unngå utleigeplikta på ulike måtar.  Ettersom mange hytteigerar ikkje ønskjer å leige ut i den grad som er krav for at bruken skal koma inn under næringsbegrepet,  har Vinje kommune presentera eit alternativ som kan gjeva grunnlag for å innvilga dispensasjon for bruksendring etter pbl. §19-2. 

Dette alternativet er kalla «ombytemodellen». Ved bruk av ombytemodellen erstattar ein (dersom ein kjem inn under vedtaket av 09.12.2004) 25% av sengekapasiteten i si eining med nye utleigesenger i eit tilknytt egna området. Ved bruk av denne modellen vil ein kunne innfri dei føresetnadane som er sett i pbl. §19-2 for at ein dispensasjon skal kunne bli  innvilga. Ombytemodellen er presentera som eit alternativ til korleis ein kan innfri pbl. §19-2 og er ei frivillig løysning presentera frå kommunen. Dersom ein ikkje ønskjer å nytte seg av dette alternativet kan ein fortsette med utleige eller søkje ordinær dispensasjon for bruksendring i samsvar med pbl. §19-2. For at ein dispensasjon for bruksendring skal kunne bli innvilga må føresetnadane sett i lova vera innfridd.



Områderregulert til næring

Ein del av kritikken som i det siste har dukka opp er knytt til  storleiken av eksisterande næringsområde og kommunens forslag til framtidig næringsareal. Dette spesielt i forbindelse med rullering av kommunedelplanen for Vågslid. Grunneigerane i Vågslid er ikkje samde med kommunen i storleiken på eksisterande areal som er regulera til næring og foreslått næringsareal i kommunedelplan Vågslid.

Kommunen som forvaltningsmyndigheit har ansvar for å forvalte kommunens ressursar og areal på ei slik måte at ein ikkje øydelegg eller hindrar langsiktig utvikling. I arealforvaltning må kommunen tenke langt fram i tid. Vågslid er også i ein spesiell situasjon med tanke på plassering langs E134. At E134 er vald som hovudferdselsåre mellom aust og vest er med på å underbyggje behov for at areal må setjast av til vidare utvikling i samband med dette. Kommunen har bestilt ei analyse som mellom anna skal sjå på spørsmål knytt til varme senger i kommunen og ringverknadar av varme senger.

Alle spørsmål knytt til ubygde areal i Vågslid er tema i det pågåande arbeidet med rullering av kommunedelplanen for Vågslid.

Infoskriv til hytte-/leillighetseigerar

Kommunestyresaker

Retningsliner

Spørsmål og svar

Pressiseringar frå KMD

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk