Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Vilkårsrevisjon

Tokke og Vinje kommunar har i samarbeid fremja krav om revisjon av konsesjonsvilkåra for kraftproduksjonen i Tokke/Vinje-vassdraget.

Dette arbeidet byrja i 2005 med synfaringar og folkemøte der kommunane ba om innspel til saka. Kommunestyra fremja så krav i 2006 om opning av revisjonssak, og NVE vedtok opning av revisjonssak i brev av 3.juli 2007.

Når revisjonssak er opna så har kommunane krav på naudsynt sakkunnig hjelp for å fremje ei god revisjonssak. Kommunane har knytt til seg FAUN Naturforvaltning v/Helge Kiland som sakkunig hjelp, samt at hydrolog også har vore engasjert i periodar.

Då hadde også arbeidet med nasjonale (regionale) vassforvaltningsplanar byrja, og i brevet frå NVE vart det understreka at arbeidet med vilkårsrevisjonen og arbeidet med vassforvaltningsplan for det same vassdraget skulle samkøyrast. I praksis vart denne samkøyringa gjennomført ved at det felles kraftutval for Tokke og Vinje kommunar er styringsgruppe både for vassforvaltningsarbeidet og vilkårsrevisjonssaka.


Det er også skipa ei felles arbeidsgruppa med representantar frå kommunane, konsesjonæren (Statkraft), fylkesmannen, fylkeskommunen og andre som interesserar seg for dette arbeidet, og FAUN Naturforvaltning er sakkunnig hjelp og sekretariat også for arbeidsgruppa.

Kommunane fremja så sine krav til nye vilkår i juni 2010, og Statkraft fremja sitt revisjonsdokument i januar 2013. Saka ligg no i NVE som no skal fremje forslag til nye konsesjonsvilkår til OED.

I arbeidet med vassforvaltningsplanen vart Tokke/Vinje vassområde med som pilotområde allereie i fyrste planperiode, som starta opp i 2006 og gjaldt perioden 2010 - 2015. Det er i prinsippet dei same miljømål som vert sett i arbeidet med vassforvaltningsplanane som i vilkårsrevisjonen. Men når det gjeld regulerte vassdrag så er ein i stor grad avhengig av at det vert sett nye vilkår i vassdragsreguleringskonsesjonane for å nå dei miljømål som er sett i vassforvaltningsplanen. 

I lekkja nedanfor finn du ei rad med dokument som er eit resultat av dette arbeidet. Her finn du referat frå møte i arbeidsgruppa og kraftutvalet, samt ymse rapportar og andre dokument som gjeld saka.

Dokument i prosjektet

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk