Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Framlegg til ny kommunedelplan for Rukkemo - Torvetjønn

Plan- og miljøutvalet vedtok 06.05.19 å sende framlegg til ny kommunedelplan for Rukkemo – Torvetjønn på høyring og offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova § 11 - 14.

Framlegget opnar for nye område for utbygging, med fokus på destinasjonsutvikling og sikring av kvalitetane i området. Viktige tema er 

  • Utbyggingstakt, utbyggingspotensiale
  • Byggegrense mot fjellet
  • Sikring av stiar, løyper, alpinområde, turområde, turkvalitetar etc. 
  • Sentrale område for næringsutvikling
  • Virkemidlar for gjennomføring og utbyggingsavtaler. 

Kommunen skipar til ope møte som vil haldast på Raulandsakademiet i Vesaas-salen 20. juni klokka 18.00. 

Planframlegget kan du og sjå på Tenestetorget i Åmot og på Spar på Rauland. Du kan òg kontakte Vinje kommune på telefon 35 06 23 00.  I høyringsperioden kan alle koma med skriftlege merknader til Vinje kommune, innan 01.07.19.                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                 

Dokument


  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk