Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Detaljregulering for Botn Aust 100/1 - kunngjering av planvedtak

Kommunestyret vedtok 19.10.17, sak 17/67, detaljregulering for Botn Aust i samsvar med plan- og bygningslova § 12 - 12.


Planen legg til rette for fortetting og standardheving – tilknyting til felles vatn og
offentleg avlaup. Det er i dag omlag 40 hytter i planområdet. I 2007 blei det vedteke ein
reguleringsplan som opna for 60 nye hyttetomter. Denne planen er ikkje gjennomført.
Reguleringsplanen som no er vedteken legg til rette for ca 30 nye tomter – i tillegg til dei 60. Planen legg òg til rette for dagparkeringsplassar ved E134, evt utleigehytter/camping. 

I tillegg til kommunens heimeside, kan du sjå planen på Tenestetorget i Åmot. 

Du kan klage på kommunestyrets vedtak i samsvar med plan- og bygningslova §§ 1 – 9 og 12 -12, jfr forvaltningslova kap. VI. Klaga må du sende til Vinje kommune innan 3 veker.

Du må fremje krav om erstatning eller innløysing innan tre år frå denne kunngjeringa, jfr plan- og bygningslova §§ 15 – 2 og 15 - 3. Krava må vere skriftlege og sendast til Vinje kommune.

Dokument : 
Plankart
Føresegner
Planomtale
Kommunestyrevedtak
ROS-analyse
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk