Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Detaljregulering Raulandstunet

Kommunestyret vedtok 18.01.18, sak 18/4, detaljregulering for Raulandstunet i samsvar med plan- og bygningslova § 12 - 12.

Planen legg til rette for konsentrert fritidsbusetnad, omlag 100 einingar, sør for Fv 362 ved Mobø i Raulandsgrend. Det er tenkt bygg i to etasjar med 2 - 5 einingar i kvart bygg. Det kan òg byggast frittliggjande fritidsbustader på delar av området. Tilkomst til området er frå eksisterande avkøyring i aust. Det er òg lagt til rette for gangveg i vest, slik at ein kan krysse Fv 362 over til framtidig gsveg/fortau på nordsida av fylkesvegen.

Planen kan du òg sjå på Tenestetorget i Åmot. 

Du kan klage på kommunestyrets vedtak i samsvar med plan- og bygningslova §§ 1 – 9 og 12 -12, jfr forvaltningslova kap. VI. Klaga må du sende til Vinje kommune innan 3 veker. Vinje kommune, Vinjevegen 192, 3890 Vinje eller postmottak@vinje.kommune.no.

Du må fremje krav om erstatning eller innløysing innan tre år frå denne kunngjeringa, jf. plan- og bygningslova §§ 15 – 2 og 15 - 3. Krava må vere skriftlege og sendast til Vinje kommune.

Dokument :

- Plankart

- Føresegner

- Planomtale

- Vedtak i kommunestyret


  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk