Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Del av Rauland sentrum aust

Framlegg til områderegulering for del av Rauland sentrum - aust - høyring
Plan- og miljøutvalet vedtok 29.08.18, sak 18/117, å leggje framlegg til områderegulering for del av Rauland sentrum ut til høyring og offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova § 12 - 10.

Planframlegget er ei endring av del av reguleringsplan for Rauland sentrum, og har blitt ein sjølvstendig reguleringsplan i tråd med ny plan- og bygningslov frå 2008.  Reguleringsformåla er dei same, men fargar, namn og bokstavkoder er endra.

Framlegget legg til rette for etablering ysteri, bakeri, utsal og servering (Lega AS), ved justering av grensa mellom byggeområda BKB2 og BKB4 og plassering av gangbru SGS1.

I tillegg er det framlegg om endring av reguleringsplanen på andre punkt :

  • Plankartet visar oppgradering av krysset Linutvegen /Fv 37 slik at det er dimensjonert for vogntog.
  • Ved utbygging i området (BKB1 - 4) som førar til jamnleg besøk av vogntog eller ein større trafikkmengde (200 ÅDT eller meir), må
    • krysset Linutvegen /Fv 37 utbetrast slik plankartet visar, og
    • vegen inn i område frå sør (SKV3) byggast i 6 m breidde
  • For å sikre byggeområda mot flaum, skal overkant golv vere minst kote 725 i BKB1 og 723 i BKB2.

Framlegget er i tråd med kommunedelplan Rauland.

Plankart
Føresegner
Vedtak - plan og miljøutval

Om du har spørsmål til planframlegget, kan du kontakte Vinje kommune på telefon 35 06 23 00.
Merknad sendast skriftleg til postmottak@vinje.kommune.no eller Vinje kommune, Vinjevegen 192, 3890 Vinje.


  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk