Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kommunedelplan Edland/Haukeli - tilleggsvarsel om oppstart av planarbeid



Gjennom kommunal planstrategi 2016-2019 har kommunestyret i Vinje vedteke å revidere kommunedelplan for Edland/Haukeli.

På bakgrunn av innkomne merknader, varslast det no at planområdet skal utvidast mot aust og vest. Utvida område mot aust inkluderer eksisterande massetak Finnland på nordsida av E134 og camping- og anlegg for idrett og sport på sørsida av E134. I vest er området utvida, om anna for å få med gjeldande reguleringsplan for crossbane Haukeli.

Ein ynskjer synspunkt på utviklinga i Edland/Haukeli og eventuelt innspel om utbygging. 

Varsling og ny planavgrensing finn ein på Tenestetorget i Åmot. Ein kan òg ta kontakt med kommunen på 350 62 300 for meir informasjon. 


Frist for innspel til rullering av kommunedelplan for Edland/Haukeli er 01.11.17.


Plangrense

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk