Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Rauland sentrum/Lega AS

PlanID 20090005 Rauland sentrum -
varsel om oppstart av planarbeid/mindre endring - dispensasjon - Lega as

Lega AS, ved Gro Hommo, ynskjer å etablere seg i Rauland sentrum, med ysteri/bakeri og servering av eigenproduserte varer. Ein del av konseptet er at geiter som vert nytta i produksjonen går i innhegningar ved ysteriet når sesongen tillatar det. Aktuell tomt er aust for Liåi, med tilkomst via Linutvegen. 

Det aktuelle arealet er omfatta av reguleringsplan for Rauland sentrum. Her er det regulert til byggeområde for bustad/forretning/kontor/servering YS9, med krav om detaljregulering. Ein kjem også noko inn på byggeområde for sentrumsformål S4. For å leggje til rette for etableringa er det nødvendig å justere formålsgrensene reguleringsplanen (ein reknar tiltaket for å vere i tråd med formålet). Det er også nødvendig å gi nokre dispensasjonar.
I føresegnene for S1 – S4 står at busetnad i S2 og S3 skal vere dokumentert sikre mot 200-årsflaum. Den aktuelle busetnaden til Lega as vil neppe bli rørd av mogleg flaum her. Ein har likevel bestilt ei utgreiing om dette. 

Plan- og miljøutvalet har stilt seg positive til etablering av Lega AS i det aktuelle området, jfr vedtak 02.05.18, sak 18/71. 

Med dette varslar ein oppstart av planarbeid i medhald av pbl § 12 – 8. Dersom det ikkje er vesentlege innvendingar, vil endringa bli vedteken i plan- og miljøutvalet som ei mindre endring i medhald av pbl § 12 – 14, 2.ledd. Ein meiner tiltaket er å tråd med reguleringsformålet i S4 og YS9 . Ei forskuving av grensene mellom dei to formåla vil ha liten betydning. Dette er då så sjå på som ei høyring. 

Med dette varslar ein òg at ein vil rå til å gi dispensasjon frå plankravet og rekkjefylgjekrava som er nemnde over. 

Frist for innspel til planarbeidet/merknader til mindre endring/dispensasjon er 01.06.18

Dokument : 
Rauland sentrum - varsel om oppstart av planarbeid/mindre endring - dispensasjon - brev datert 07.05.18 
Reguleringsplan for Rauland sentrum - plankart
reguleringsplan for Rauland sentrum - føresegner
Plan- og miljøutvalet 02.05.18, sak 18/71
Skisse del av Rauland sentrum - Lega, kunsthus mm

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk