Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Frisklivssentralen

Helsedirektoratet definerer frisklivssentral som «et kommunalt kompetansesenter for veiledning og oppfølging primært innenfor helseatferdsområdene fysisk aktivitet, kosthold og tobakk».

Timeplan for hausten 2017 

Ein frisklivssentral er ein måte å organisere ei helse- og omsorgsteneste på, der målet er å bidra til å styrke brua mellom helsetenesta og det breie folkehelsearbeidet.

Vinje Frisklivssentral er eit lågterskeltilbod for alle innbyggarane i kommunen.

Treningstilbod for alle

Frisklivssentralen i Vinje har treningstilbod som kan nyttast av alle kommunen sine innbyggarar. Dette er tilbod som skal passe for alle og famne i breidda. 

Trening på resept

Frisklivssentralen i Vinje gir tilbod om hjelp til å starte ein endringsprosess og meistre nye levevanar som kan betre helsa. Dette skjer ved hjelp av ei helsesamtale, tilbod om fysisk aktivitet, tilbod om hjelp til endring i kosthald samt tilbod om snus- og røykeslutt.
Målet er å fremme helse og førebygge sjukdom. 

Vinje Frisklivssentral er også ein samarbeidspartnar i det førebyggande og helsefremmande arbeidet i kommunen, og me samarbeidar med relevante aktørar i frivillig, privat og offentleg sektor, som blant anna idrettslag og grendelag.























































































 

 

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk