Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Bibliotek

Bibliotektilbod og -tenester

Alle kommunar har eit folkebibliotektilbod. I Åmot ligg hovudbiblioteket i andre etasje på det gamle Coop bygget med inngang frå oversida,  filialane i Edland og Rauland er på skulane. 

Opningstider, kontaktinformasjon, lesetips og nytt frå biblioteket finn du på felles webportal for Vest-Telemarkbiblioteka
Der kan du også fornye låna dine, logg inn med lånenummer og PIN-kode.

Biblioteket har som oppgåve å fremje opplysing, utdanning og anna kulturell verksemd.  Biblioteket er kunnskapsbank og møteplass og låner ut/formidlar bøker og andre medie. Verksemda er pålagd og regulert gjennom Lov om folkebibliotek. Born, ungdom, vaksne og institusjonar kan nytte biblioteket sine tenester.

For å låne treng du lånekort som du får på biblioteket (vi kan eventuelt be om legitimasjon). Born under skulealder låner på føresette sitt kort. Som lånar må du følgje lånereglane ved biblioteket. Dei fleste bibliotektilboda og -tenestene er gratis. 

Biblioteket har eige facebookside. Her blir det lagt ut aktuelle arrangement og opningstider i samband med jol og påske.


  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk