Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kulturskulen

Kulturskulen er eit kommunalt tilbod til barn og unge som ynskjer opplæring i musikk og andre kunst- og kulturuttrykk. Her blir det sådd gode musikarfrø i om lag 120 elevar kvart år. Kulturskulen har eigne fagplanar og vedtekter som er politisk vedtekne, og fylgjer skuleruta til Vinjeskulen. Undervisninga foregår i Vinjeskulen sine lokale. I dag har Vinje kulturskule fylgjande undervisningstilbod: gitar, samspel, teater, kveding, hardingfele, trommer, piano og korpsinstrument.

Mål
Å gje den einskilde elev dei beste føresetnader for å utvikle dei kunstnariske og skapande evnene sine, samt å fremje elevane si forståing og oppleving av kunst og kultur som allmennmenneskeleg uttrykksform.

Å utvikle elevane sine instrumentale og kunstnariske dugleikar etter den einskilde sine føresetnader, slik at dei kan få ein meiningsfylt og stimulerande fritidsaktivitet og eit godt grunnlag for ei seinare yrkesutdanning.

Å skape aktive lyttarar og brukarar som er i stand til å velje og vurdere innanfor det mangfaldet av musikk- og kulturtilbod som finst i dagens samfunn.

Å vera ein ressurs for resten av skuleverket og kulturlivet i arbeidet med å gje opplæring i og fremje forståing og interesse for kunst og kultur i lokalet. 

Kven kan søkje på kulturskulen?

Kulturskulen er ein frivillig skule for alle; born, ungdom og vaksne.
Det krev ingen forkunnskapar, og det vert ikkje avlagt eksamen.
Søknadsskjema finn du her

Kven vert teke opp som elevar?

 Prioritering ved opptak er:
 1. Elevar som har plass frå før
 2. Elevar frå grunnskulen
 3. Elevar frå vidaregåande skule
 4. Vaksne
 5. Søkjarar frå andre kommunar

Kor gamal bør eleven vere?

Eleven bør vere 7 år, dersom det ikkje er gruppeundervisning.

Instrumentutlån

Me har ein del instrument til utlån for dei som ikkje har instrument sjølve. Leiga er 100,- pr. semester. Det gjeld fele, keyboard, gitar, trekkspel og messingblåseinstrument.
Det vert skrive ei leigeavtale.

Oppseiing av plass

For haustsemesteret må du sei opp plassen din skriftleg før 1. juni.
For vårhalvåret må du sei opp skriftleg før 1. desember. Om du ikkje gjer det, må du betale semesteravgifta for det komande halvåret.
Skjema finn du her

Kva kostar det å vere elev i Vinje kulturskule?

Sjå vedtekter for Vinje kulturskule 

Kontakt                                                         
Anders Blystad
Rektor i Vinje kulturskule
abl@vinje.kommune.no
Tlf. 35 06 23 53

Facebook

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk