Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Vedtekter

Vedtekter for Vinje Kulturskule

Vedteke av OVU (Oppvekst- og velferdsutvalet) 18.04.2012

Organisering:

1.1  Vinje kulturskule er ein kommunal kulturskule som Vinje kommune eig og driv.

1.2  Vinje kommunestyre vedtek vedtekter for Vinje kulturskule.

1.3  Kulturskulen høyrer administrativt til under eininga Kultur.

1.4  Vinje kulturskule skal ha tilsett rektor, og i tillegg nødvendige lærarar for til ei
 kvar tid å kunne dekke opp eksisterande tilbod. (innan vedtekne heimlar)

1.5  Rektor for kulturskulen har det faglege, pedagogiske og administrative ansvaret for drifta.

1.6 Vinje kulturskule skal prøve å gje eit desentralisert kulturtilbod, slik at born frå alle tre  ungdomskule-krinsane får det same høve til å vera med i kulturskulen sine aktivitetar.

1.7  Det må vera minst 3 elevar dersom læraren skal køyre langt for å undervise på staden, eller ein har 1,5 timar undervisning kvar gong.

1.8  Kulturskulen og skulane kan nytte kvarandre sine læremidlar etter nærare avtale.

1.9  Det bør leggjast til rette for bruk av kombinerte stillingar med grunnskulen og andre   sektorar.

Undervisninga:

2.1 Vinje kulturskule følgjer for det meste skuleruta for grunnskulen i Vinje kommune.

2.2 Undervisninga kan organiserast både som individuell undervisning, gruppeundervisning og undervisning i samspel. Ein undervisningstime er frå 22.5 til 30 min. Gruppeundervisning og samspelsundervisning varer normalt 2 undervisningstimar (45 til 60 min.)

2.3 Gruppeundervisning er når der er undervisning med fleire enn to over tid.
 
4.2 Gruppeundervisning og samspelsundervisning kan organiserast som eit prosjekttilbod over ein kortare periode. Elevane vert ikkje automatisk overført til nye prosjekttilbod, men må søke på nytt kvar gong.

Elevvilkår:

3.1 Elevane skal møte presis og førebudd til timen.

3.2 Fråvære må meldast på førehand. Timar som fell bort grunna fråvære har eleven ikkje  
      krav på å få att seinare.

3.3 Elevane skal vise god framferd i kulturskulen.
      Foreldre eller føresette har høve til å fylgje undervisninga, etter avtale med læraren.
       
3.4 Elevar som ikkje rettar seg etter kulturskulen sine vedtekter, kan utestengjast frå
      undervisninga for kortare og lengre tid. Slik avgjerd blir teken administrativt.                                                                   
3.5 Om elevane får oppdrag om å vera med på offentleg/privat tilstelling, skal rektor     
       informerast.

Økonomi:

4.1 Elevkontingenten er på 1000,- pr. semester for ein individuell time og blir betala kvart halvår. For gruppeundervisning med 3 elevar eller fleire er prisen 500,- pr. semester. Desse kontingentane er ikkje indeksregulert.

4.2 Det er syskenmoderasjon på 50 % frå og med sysken nummer to.

4.3 Korps og kor lagar eigne avtalar, og får nytte dirigent gratis ved offentlege arrangement.

4.4 Instrumentleige er 100,- pr semester. Elevane har ansvar for kulturskulen sine instrument
      og anna utstyr. Skade på instrument må erstattast etter avtale

4.5 Kontingenten skal betalast for heile semestret sjølv om eleven sluttar i løpet av semestret.

Opptak:

5.1 Opptak skjer for kvart skuleår etter nærare utlysing. Både søknad og oppseiing av plassen skal skje skriftleg. Avmeldingsfrist for det komande semesteret er 1.6. og 1.12. Etter desse datoane er elevane automatisk overført til det komande semesteret.

5.2 Det tas opp elevar fortløpande så lenge ein lærar har plass i sin undervisningstid.

5.3 Elevane har 3 timars prøvetid. (Det vert då vurdera av lærar og føresett om eleven skal fortsette). Etter dette har eleven fast plass i kulturskulen som blir overført frå semester til    semester.

5.4 Prioritering ved opptak er:
a) Elevar som har plass frå før
b) Elevar frå grunnskulen     
c) Elevar frå vidaregåande skule
d) Vaksne
e) Søkjarar frå andre kommunar



  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk