Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kommunedelplan Rukkemo - Torvetjønn - Ope møte

Det blei varsla oppstart av arbeid med rullering av kommunedelplan Rukkemo - Torvetjønn i brev 22.06.17.

Framlegg til planprogram vart samstundes sendt ut på høyring, med frist for merknader 08.09.17.  
 
Viktige grep i framlegg til planprogram er 
• Planprosessen startar med eit reisemålsutviklingsprosjekt, 
• Med utgangspunkt i resultata av reisemålsutviklingsprosess vert det utarbeidd eit diskusjonsutkast, med føringar frå prosessen og anna kunnskapsgrunnlag. 
• Det vert ikkje invitert til innspel om utbygging av areal før reisemålsutviklingsprosjektet er gjennomført, og diskusjonsutkast er utarbeidd. Dette vil gje eit betre grunnlag for arealinnspela, og gjere det mogleg å målrette drøftinga og vurderingar av innspela ut frå ein heilskapleg strategi. 

Dette inneber at ein ikkje ynskjer innspel om utbyggingsareal no, men seinare i prosessen. Når det blir aktuelt å kome med arealinnspel vil grunneigarar og utbyggjarar få brev med frist. 

Det vert ope møte om framlegg til planprogram  på Raulandsakademiet onsdag 30.08. kl. 18.00. 

Vel møtt !


Vinje kommune kommunevåpen
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk