Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Gjestenett

Me tilbyr trådlaus tilgang til internett for våre gjester når de er i eller ved våre lokale.

Med gjest i denne samanhengen, meiner me heile spekteret frå at nokon berre er innom en kort tur, til innbyggjarar i kommunen. Vårt mål er å tilby denne tenesta på ein effektiv og trygg måte.


Det trådlause nettet heiter «Kommunalt Gjestenett» og har dekning i svært mange kommunale bygg i Tokke, Vinje og Kviteseid.

Når du tek i bruk vårt gjestenett har du automatisk godteke våre retningsliner for bruk av gjestenettet.


Retningsliner:

Ved å nytte Vinje kommune sitt Gjestenett mot internett godtek du desse retningslinene:

  • Du nyttar nettet på eige ansvar. Kommunen kan ikkje garantere at nettet ikkje blir avlytta eller overvaka, eller at dataene dine ikkje kan bli manipulert av uvedkomande.
  • Dette er ei gratis teneste, noko som gjer at du ikkje kan rette noko krav mot kommunen i tilfelle feil eller problem.
  • Kommunen nyttar eit webfilter som filtrerer alle nettsider. Sider blir scanna for virus, og innhald blir filtrert og eventuelt blokkert. Tenesta er tilpassa for bruk i grunnskulen, og du som gjest kan oppleve at sider er blokkert. Sjølv om du ikkje er einig i at innhaldet skal blokkerast er dette ein praksis tilpassa kommunen si drift. 
  • Kommunen tek ikkje på seg noko ansvar for kvalitet, verken når det gjeld tilgang / opetid eller hastighet og dekning.
  • Det er ein føresetnad at du ikkje nyttar gjestenettet til å laste ned eller distribuere ulovleg eller usømeleg innhald, spreiing av søppelpost eller spreiing av virus/malware. Med ulovleg innhald meinast f.eks. barnepornografi og kopibeskytta materiale (musikk, film, e-bøker, program, spill, osv)
  • Det er ein føresetnad at du ikkje oppfører deg i strid med alminneleg folkeskikk og nett-etikette, f.eks. ved å framsette trugslar, sjikane, oppfordre til eller planlegge ulovlege handlingar, osv.
  • For å kunne levere og kontinuerlig forbetre denne tenesta, må vi logge og lagre noker opplysningar. Vi loggar og lagrar maskinnamn, IP-adresse du har blitt tildelt, enhetens MAC-adresse og når og kor du nytta tenesta. I tillegg lagrast informasjon om kor mykje data som er lasta opp og ned. Denne informasjonen vil bli sletta seinast 30 dagar etter at du har slutta å nytte tenesta. I spesielle tilfelle kan lagringstida utvidast. Utlevering av lagra informasjon til 3. part vil berre skje dersom dette er heimla i norsk lov.
  • Løysinga brukar informasjonskapslar. Informasjonskapslar lagrar opplysningar i din nettlesar for å forbetre bruken av nettsida.
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk