Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Norheimstunet omsorgssenter

Norheimstunet i Edland

Adresse: Storegutvegen 217.
Norheimstunet omsorgssenter opna i  2002 som døgnkontinuerleg helse- og omsorgstilbod i  Øvre Vinje. Senteret er base for helse- og omsorgstenestene i området anten om hjelpa vert gjeve ved senteret, eller i eigen heim i distriktet.


Området avdelinga i Øvre dekker i heimebaserte tenester, omfattar Vågslid, Arabygdi og ned til Smørklepp.
Norheimstunet er døgnbemanna - personalgruppa består av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og heimehjelper/assistentar. Personalet samarbeider med lege og andre faggrupper i kommunen.

Det er åtte kommunale omsorgsbustader i hovudbygningen, i tillegg tre som er i privat eige av Flatlandslegatet - eldresenter og fellesareal har og fått plass. I tillegg er det fire enkeltståande bustader på området. Norheimstunet er eit triveleg tun, som ligg sentralt til i Haukeli. Det skjer mykje friviljug arbeid ved tunet, som samlar bygdefolk til møteverksemd og andre sosiale arrangement.

Kontaktinfo Norheimstunet

Avdelingsleiar er Bjørg Nystog.
E-post: bjorg.nystog@vinje.kommune.no
Tlf.: 35 07 20 50

Kontaktinfo vedrørande søknad om bustad eller tenester

Dette skjer til koordinering- og tildelingskontoret i kommunen (personalet i heimetenesta og ved senteret kan hjelpe deg med dette om du har trong for det)

E-post: plo@vinje.kommune.no
Tlf.: 468 84 316 eller 35 06 25 54

Kontaktinfo vedrørande søknad om omsorgsbustad Flatlandslegatet

Leiar i legatet er Nils Ole Lien, Grungedal 78, 3895 Edland.

Mobil: 659 22 068

E-post: nilsole.lien@telefiber.no



  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk