Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Øyeblikkeleg hjelp

Øyeblikkeleg-hjelp døgntilbod blei oppretta som nytt helsetilbod til innbyggjarar i Tokke og Vinje kommune frå desember 2013. Kommunane er gjennom lov pålagt å tilby sine innbyggjarar denne tenesta frå 2016.
Det er inngått avtale med Sykehuset Telemark HF om tilbodet.

Øyeblikkeleg hjelp døgntilbod for Tokke og Vinje er lokalisert til Vinje sjukeheim - korttidsavdelinga, der to plassar er avsett til føremålet.
Tilbodet skal vere eit alternativ til innlegging i sjukehus, - og skal vere betre, eller like godt som eit tilbod i spesialisthelsetenesta.

Kven er tilbodet aktuelt for?

Det er berre pasientar som kommunen sjølv har moglegheit til å utgreie, behandle eller yte omsorg til, som kan leggjast inn på øyeblikkeleg hjelp-plass.

Dei  som er aktuelle for det kommunale tilbodet, er pasientar med forverring av kjende tilstandar, og med behov for et høgare omsorgs- og/eller behandlingsnivå enn dei allereie har. Føresetnaden er at det må være ein pasient med avklara diagnose og funksjonsnivå som kommunen er i stand til å behandle, og der risiko for akutt forverring under opphaldet er liten.

Prioritering

Pasientar som er i behov for øyeblikkeleg- hjelp døgntilbod, der alternativet er innlegging i sjukehus, kan leggast inn akutt føresett at dei tilhøyrer målgruppene for tilbodet.Plassane skal ikkje nyttast som alternativ til sjukeheimsplass.
 I forkant av innlegging skal pasienten vere tilsett av lege i primærhelsetenesta.Den legen som legg inn pasienten, har ansvar for at det vert utarbeid ein behandlingsplan for opphaldet.
Det er ansvarleg lege som vurderer om pasienten ved avslutning av opphaldet kan utskrivast til heimen, treng opphald i institusjon  eller må ha vidare behandling på sjukehus.

Målgrupper

Hovudkategoriar/diagnoser  er forverring av kroniske lidingar og behandling av ukompliserte akutte tilstandar.
Det er utarbeidd retningsliner og prosedyrar som sikrar oppfølging av pasienten under opphaldet.

Oppfølging

Liggjetid skal vere maksimalt  72 timar - 3 døgn.
Det er 24 timar aktiv sjukepleiarteneste ved øyeblikkeleg hjelp-plassane.
Det er tilsyn av lege kvar vekedag -  ut over dette, ved behov av legevaktslege.



Helsedirektoratet sine sider om øyeblikkeleg hjelp døgnopphald
Kommunanes avtale med Sykehuset Telemark HF

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk