Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Rauland omsorgssenter

Adresse: Setali 6a
Rauland omsorgssenter er base for alle heimetenester i Rauland distrikt, uavhengig av om desse blir gjevne i omsorgsbustad eller i eigen heim. Omsorgsenteret har tilsaman 12 omsorgsbustader. Senteret er bemanna heile døgnet. Ein omsorgsbustad er ein bustad som er tilrettelagt for personar med nedsett funksjonsevne.

Omsorgssenteret var opphaveleg bygdeheim, men endra driftsform til omsorgsbustader i 2005. Det betyr at senteret ikkje lenger er ein institusjon, men eit butilbod der bebuaren får tildelt helse- og omsorgstenester etter behov.

Senteret er døgnbemanna. Personalet i Rauland distrikt består av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og heimehjelper/assistentar. I tillegg til omsorgssenteret har desse ansvaret for å yte tenester i eit større geografisk område. 

I hovudbygget ved omsorgssenteret er det 10 bueiningar, i tillegg til dette har to kortare opphald som hovudfunksjon. Kva behov kommunen har for bustader styrer korleis bustadene til einkvar tid blir nytta. I tilknyting til senteret er det sju omsorgsbustader. Her er ikkje personale til stades i sjølve bustadane. Desse bustadene er også større.

Kontaktinfo

Avdelingsleiar er Anne Langen.
E-post: anne.langen@vinje.kommune.no
Tlf.: 35 06 27 50

Heimesjukepleia Rauland
Tlf.: 35 06 27 55


Ynskjer du å søkje om bustad eller tenester
skjer dette til koordinering- og tildelingskontoret i kommunen:

E-post: plo@vinje.kommune.no
Tlf.: 468 84 316 eller 35 06 25 54

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk