Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Vinje sjukeheim

Adresse: Vinjevegen 212
Vinje sjukeheim ligg i Åmot, og held til i 3. høgda på Vinje helsesenter. Sjukeheimen er ein helseinstitusjon, heimla i helse- og omsorgstenestelova.

Sjukeheimen har 34 plassar per 2013. Desse er fordelt slik:
9 korttidsplassar - av desse er tre sett av til rehabilitering øvrige til ulike typer kottidsopphald.
13 plassar tilrettelagt for demente - fordelt på to bumiljø på sju og seks plassar.
12 plassar for langtidsopphald.

Sjukeheimen har fem dagplassar for heimebuande med tilbod tre dagar i veka - måndag, onsdag og fredag. 
Vi har og dagtilbod for heimebuande demente med inntil fem plassar to dagar i veka.


Sjukeheimen har som mål å gje gode omsorgstenester til menneske som på grunn av sjukdom eller funksjonsvikt ikkje lenger kan bu i eigen heim. Vi tilbyr og opptrening og medisinsk behandling.

I Vinje kommune er det eit politisk vedteke mål å legge til rette for at folk skal kunne bu i eigen heim så lenge som råd. Det kan likevel vera situasjonar der ein har trong for andre tilbod i lengre eller kortare perioder.

Sjukeheimen har autoriserte fagfolk - sjukepleiar og hjelpepleiar /omsorgsarbeidar heile døgnet. Base for nattpatrulja i heimetenestene ligg ved sjukeheimen. Sjukeheimen har elles tett oppfylging av tilsynslege og eit godt fysioterapitilbod.

Kontaktinfo

E-post: kari.dalen@vinje.kommune.no
Tlf.: 35 06 25 40


  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk