Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kultur og idrett

Kulturskulen

Vinje har eit aktivt kultur- og idrottsliv. Kommunen har to idrottshallar, ein i Rauland og ein i Åmot. På Edland er det ein halv hall. Det er symjebasseng knytt til alle desse. På Edland, Rauland og i Åmot kan du spele fotball på kunstgrasbanar. I Åmot er banen oppvarma.

Vinjehuset er storstoga og er eit viktig regionalt kulturhus med tilbod om konsertar, teater og bygdekino. Det skjer også mange kulturtilskipningar på mellom anna Raulandsakademiet, som hyser både Høgskulen i Telemark og Folkemusikkscena. 

Ei mengd museale anlegg og galleri er verd å vitje rundt i kommunen vår - dei fleste administrert frå Vest Telemark Museum.

Elles blir det sådd gode musikarfrø gjennom Vinje kulturskule som kvart år underviser om lag 120 elevar i ulike musikkfag og teaterkunst. Kulturskulen har eigne fagplanar og vedtekter som er politisk vedtekne, og fylgjer skuleruta til Vinjeskulen.

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk