Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Frivilligsentralen

Skaper møteplassar rundt i grendene i samarbeid med andre lag.

Me ynskjer å knyte menneske og målgrupper saman. Folk som har ulik bakgrunn, som er arbeidsledige, sjuke, friske, ressurssvake, ressurssterke, unge, eldre, lange, tynne, tykke eller korte. Me ynskjer eit samarbeid med lag og organisasjonar i kommunen, der me kan hjelpe kvarandre og dra lasset same veg.

Har du litt tid å avsjå, vil du vere ein brubyggar? Frivillige medarbeidarar er ein viktig og ideskapande ressurs! Alt du treng for å engasjere deg er ein time eller to til overs og interesse for å hjelpe andre i kvardagen. Gje bort ein time og du kan gjera kvardagen ljosare for andre og deg sjølv. Velkomen, - du er diamanten i vårt arbeid!

Frivillig og brukar

- grensa mellom brukar og frivillig er ofte vanskeleg å skilje

- om du klypper graset for «Fru Olsen» så kanskje ho lagar middag til deg. Men det er ikkje noko krav, for mange frivillige ønskjer å hjelpe for å gjera ein jobb. 

- er du ung, kan du få verdifull kunnskap frå ein som har levd litt lenger. 

Treng du hjelp til for eksempel:

- praktiske oppgåver som gjer at du meistre kvardagen din som

- snømoking, hagestell eller handling

- sosial kontakt

- tur/treningsvenn

- lekser

- ærend eller tenester av andre slag - berre spør. 

Oppgåver for frivillig kan vera

- lære bort noko du kan, til dømes data og språk

- telefonkontakt

- turvenn

- gå på kino eller konsert med nokon (somme har «ledsagerbevis»)

- bibliotekteneste

- besøksvenn

- praktiske oppgåver av alle slag

- reservebesteforeldre

- leksehjelp

- bygge opp sjølvhjelpsgrupper

- rådgjevingsteneste- har du eit yrke eller bakgrunn som kan vera til nytte for andre?

Kontaktinfo

Dagleg leiar Inger Rønningen
Tlf.: 35 06 21 70/ 959 39 201
Epost: inger.ronningen@vinje.kommune.no 

Kontaktpersonar:

Åmot: Margit Auran
Edland: Bibbi Christenson
Rauland: Wenja Rui 

Andre kontaktpersonar:

Alv Dag Brandal og Signe Marie Kittelsaa

Opningstider

Måndag og torsdag kl. 08.30 - 16.00 


 


  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk