Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Avdelingsleiar vikar - heimetenestane i Rauland

Vår avdelingsleiar har eitt års permisjon og me søkjer etter vikar for henne i perioden 01.11.2017 – 31.08.2018. ID 1473.
Søknadsfrist: 27.10.17

Heimetenestane i Rauland omfattar Rauland omsorgssenter og heimebasera tenestar med base ved omsorgsenteret. Avdelinga er ei av 8 avdelingar i Helse og omsorg, har om lag 25 tilsette og yter tenester til om lag 60 brukarar.

Avdelingsleiarane møtest regelmessig for å utvikle tenestene i ein heilskap, der struktur og kvalitet i tenestetilbodet er vårt samlande fokus.

Me søkjer deg som:

  •  er fagleg engasjert og oppteken av å utvikle tenestane overfor brukarane.
  •  har gode samarbeidsevner og evner å motivere andre.
  •  kan arbeide sjølvstendig, men som og søkjer samarbeid for å nå best mogeleg resultat.
  •  tenkjer fleirfagleg.

Me ynskjer at du:

  •  er sjukepleiar eller har anna helse/ sosialfagleg utdanning på bachelornivå
  •  har leiarerfaring og/eller leiarutdanning.
  •  er oppteken av å vere synleg som leiar i avdelinga
  •  ser leiing i eit heilskapsperspektiv, der brukar si oppleving av gode tenestar, medarbeidarane sin trivsel og bruk av ressursar sjåast i samanheng

Noko for deg?

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. For nærare spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med ass. helse og omsorgssjef Alv Dag Brandal, tlf. 414 10 739. Søkjarar må ha førarkort klasse B. Det er lovkrav om politiattest.

Søknad skal sendast på elektronisk skjema

Dersom fleire stillingar vert ledige med bakgrunn i interne omrokkeringar, tilset me og i desse. 

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk