Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Avdelingsleiar Tenester for funksjonshemma

Det er ledig ei 100% fast stilling som Avdelingsleiar ved Tenester for funksjonshemma - ID 1428

Søknadsfrist: 31.03.2017

Tenester for funksjonshemma har menneske med psykisk utviklingshemming som målgruppe. Avdelinga er organisert i to bufellesskap som begge er plassert sentrumsnært i Åmot. Svingen, som vart opna i 2015 er eit moderne bygg med 11 bueiningar og Reini, som er plassert i eit bustadfelt har 4 bueiningar. 
Kompetanseheving gjennom internundervising og utvikling av fagprosedyrar har vore satsingsområde det siste året. Det er viktig for oss at dette arbeidet vert vidareført.
Tenester for funksjonshemma er ei av åtte avdelingar i Helse og omsorg i Vinje kommune. Avdelingsleiarane møtast regelmessig for å utvikle tenestene i ein heilskap, der struktur og kvalitet i tenestetilbodet er vårt samlande fokus.

Vi søker deg som:
• er fagleg engasjert og opptatt av å utvikle tenestene overfor brukarane.
• har gode samarbeidsevner og evner å motivere andre.
• kan arbeide sjølvstendig, men som og søker samarbeid for å nå best mogeleg resultat.
• tenker fleirfagleg.

Vi ynskjer at du:
• er vernepleiar eller har anna helse/ sosialfagleg utdanning på bachelornivå
• har leiarerfaring og leiarutdanning eller er villig til å ta slik utdanning.
• er oppteken av å vere synleg som leiar i avdelinga
• ser leiing i eit heilskapsperspektiv, der brukar si oppleving av gode tenester, medarbeidarane sin trivsel og bruk av ressursar sjåast i samanheng  
Noko for deg?


Me kan tilby:
• Løn etter avtale
• Gode forsikrings- og pensjonsordningar

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Nærare opplysningar om stillinga ved,

Alv Dag Brandal, tlf 414 10 739,  e-post:  alv.dag.brandal@vinje.kommune.no eller 

Jøran H Eriksrød tlf 988 34 871, e-post: joran.h.eriksrod@vinje.kommune.no.



Søknad vert å sende på elektronisk skjema

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk