Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Driftsoperatør hjå Renovest IKS

Vi har ledig stilling som driftsoperatør på fylgjande satelittstasjonar frå 1. juli 2018;
Skårmoen avfallsmottak i Fyresdal
Vistad avfallsmottak på Dalen
Hovdestad avfallsmottak i Åmot

Søknadsfrist er 01.05.18


Renovest IKS

Kvart av anlegga har ope ein dag i veka frå kl. 14:00- 19:00, høvesvis måndag, tysdag og onsdag. Driftsoperatøren si arbeidstid er frå kl. 12:00-19:30, dei to timane før opningstid og halvtimen etter skal nyttast til gjeremål og plikter som inngår i arbeidsinstruksen.

I tillegg skal mottaka ha ope siste laurdagen i mai/juni/juli/august frå kl. 09:00-13:00.

Det er og høve til å søkje som driftsoperatør på eit av mottaka.

Den som søkjer må:
Vera ryddig og ha god ordenssans
Vera ekspeditt og like å ha kontakt med menneskje
Arbeide sjølvstendig
Ha minimum kompetansebevis M2 i tillegg til førarkort klasse B og BE
Ta del i dei kurs som Renovest IKS til ein kvar tid måtte tilby

Til stillinga som driftsoperatør ved Renovest IKS tilligg fylgjande gjeremål og plikter;

Overordna skildring av ansvar for driftsoperatør
1. Halde orden på plassen.
2. Rapportere feil og manglar.
3. Føre driftsjournal.
4. Driftsoperatøren eller andre som har arbeid på plassen skal fylje dei krav som ligg i Renovest sitt internkontrollsystem der denne driftsinstruks inngår.
5. Andre oppgåver kan påleggjast etter behov

Driftsoperatørens spesifikke oppgåver er fyljande
1. Nøyaktig med ope- og stengetid.
2. Tilgjengeleg på mobiltlf. i opningstida.
3. Ikkje la publikum få tilgang til sorteringsrampene før dei har fått rettleiing.
4. Rettleie publikum, og passe på at dei forskjellige fraksjonane vert sortert på rett plass.
5. Næringskundar skal verte registrera ved levering.
6. Sjå etter at plassen til dei forskjellige fraksjonane vert godt utnytta.
7. Rette opp dersom ein oppdagar feil i sorteringa.
8. Hald orden på plassen, rydde opp avfall som har kome på utsida av containerane.
9. Plukke opp flygeavfall utanfor gjerdet ved behov, eller minst ein gong kvar månad så lenge det er barmark.
10. Ta førefallande arbeid etter behov
11. Føre avviksmeldingar ved feilleveringar eller ureglementert tipping i containerane.
12. Ta kontakt med Renovest om avvik i rutinane.
13. Halde reint på vaktrom.
14. Melde frå skrifteleg til Renovest om ting som bør endrast,- på plassen, eller i rutinane.
15. Slå av lys etter endt opningstid.

Stillinga rapporterer til: Driftsleiar

Dersom spørsmål til stillinga ta kontakt med driftsleiar Elsa Ann Hauglid på tlf. 977 11 142

Arbeidsinstruksen i denne utlysinga er ein del av stillingsinnehavar si arbeidsavtale.

Søknaden sendast til post@renovest.no eller Renovest IKS, Ordalsvegen 63, 3850 Kviteseid.

Renovest IKS

Velkomen som søkjar !

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk