Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Edland skule og SFO

Me har ledig fylgjande stillingar:
100% fast stilling som lærar frå 01.08.17 – ID 1433
Inntil 100% vikar stilling som lærar frå 01.08.17 – 31.07.18 – ID 1434
Tilkallingsvikarar i skule / SFO skuleåret 2017 / 2018 – ID 1435

Søknadsfrist: 01.05.2017

Edland skule ligg øvst i Vinje nær Haukelifjell / Bykleheia. Edland skule er ein 1-10 skule med 88 elevar og om lag 22 tilsette.

Lærar fagynskje / kvalifikasjonar:
Grunnskuleutdanning 1-7 / 5-10. Allmennlærar/Adjunkt
Me set krav om eit av faga engelsk eller spes.ped. ved fast tilsetjing.


Edland skule treng personale som vil vera med å utvikle skulen, er lojal, har god evne til kommunikasjon og samarbeid, har endringsvilje og er god klasseleiar. Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Nærare opplysningar om stillingane ved skulesjef Heidi Hylland, 971 86 876, heidi.hylland@vinje.kommune.no eller ass. skulesjef Gunvor Botn, 990 41 480, gunvor.botn@vinje.kommune.no

Skulle det bli ledig fleire lærarstillingar (vikariat, mellombels eller faste) fram mot 01.08.17 vil me tilsetje etter same søkjarliste.

Me kan tilby:
• Eit utviklande skulefagleg miljø
• Eit positivt og godt arbeidsmiljø
• Løn etter avtale
• Gode forsikrings- og pensjonsordningar
• Gode barnehagetilbod

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i samband med intervjuet. Me ynskjer at det kjem klart fram av søknaden kvifor du søkjer. Administrasjonsspråk: nynorsk.

Politiattest må visast fram ved tilsetjing, jf. §10-9 i opplæringslova. I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Søknad vert å sende på elektronisk skjema.

Velkomen som søkjar hjå oss!

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk