Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Fagarbeidar /assistent - Edland skule

Edland skule har ledig inntil 100% vikariat som fagarbeidar / assistent i skulen og SFO frå 15.08.2019 – 31.07.2020. ID 1673.
Søknadsfrist 01.08.19

Me ynskjer fagarbeidar / assistent som har fylgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:
• Gode samarbeidsevne og som viser fleksibilitet, engasjement og arbeidsglede
• Utdanning og erfaring frå liknande arbeid
• Evne til å skape gode relasjonar til elevar og vaksne

Arbeidsoppgåver:
• Assistent i skulefritidsordning
• Assistent i skule med einskildelevar / grupper / klasser
• Arbeid i skule og SFO med elevar som har spesialundervisning
• Skulematordning

Me kan tilby:
• Eit positivt og godt arbeidsmiljø 
• Løn over gjeldande tariff
• Gode forsikrings- og pensjonsordningar
• Gode barnehagetilbod

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. 

Politiattest må visast fram ved tilsetting - jf. § 10-9 i opplæringslova, og i samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Nærare opplysingar om stillinga ved skulesjef Heidi S. Hylland tlf. 971 86 876 – heidi.hylland@vinje.kommune.no

Me ber om at søkjar nyttar elektronisk søknadsskjema og at det kjem klart fram av søknaden kvifor du søkjer stillinga.

Velkomen som søkjar hjå oss!

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk