Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Fagarbeidar ved Teknisk drift og vedlikehald

Ledig 100 % fast stilling som fagarbeidar i Vinje Kommune, fortida som vaktmeistar i Rauland – ID 1474. Arbeidsområda vil vera drift og vedlikehald av kommunale bygg. Stillinga er ein del av turnusordninga og brøytevakt i vinterhalvåret.
Søknadsfrist:29.10.17.

Den som søkjer blir tilsett i Vinje Kommune, det inneber at  arbeidsplass og oppgåver endrar seg etter ei kvar tids behov.

Me legg vekt på fylgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:
Me søkjer ein sjølvstendig og resultatorientert person med gode evner til samarbeid.
Det er ynskjeleg med fagbrev innan elektro/ byggfag , men annan relevant utdanning kan også vera aktuell.
Det er positivt dersom søkjar er interessert å vera med i kommunens lokale brann og beredskapsvesen.

Me kan tilby:

  • Løn etter gjeldande tariff
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Hjelp til å skaffe husvære
  • Gode barnehagetilbod

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Nærare opplysningar om stillinga ved Tor Eikland Lunde, tlf. 918 53 088.

Søknad vert å sende på elektronisk skjema

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk