Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Fastlege - 100% vikariat

Vinje kommune søker fastlege i vikariat for perioden 25.03.2019 til 16.09.2019. ID 1588.
Søknadsfrist: 25. januar 2018

I Vinje har vi tre legekontor. Hovudkontoret ligg i Åmot, og vi har utekontor på Rauland og Edland. 
Det er fem fastlegar i kommunen, i tillegg sjukeheimslege og ein turnuslege.
Ledig vikariat er knytt til Rauland, der kontoret for tida har ope fire dagar per veke. Ein dag i veka er arbeidsstad ved hovudkontoret i Åmot. Det må påreknast arbeid ved hovudkontoret ved avvikling av ferie mv. Fastlegelista er på  850 pasientar.

Kommunen er vertskommune for Tokke – Vinje legevakt, lokalisert til legetenesta sine lokalar i Åmot. Legevakta er 10-delt. 

• Vi tilbyr gode ordningar, varierte oppgåver og eit spanande arbeidsmiljø.  
• Du må ha norsk autorisasjon, gode samarbeidsevner og gode norskkunnskapar. 
• Vi ynskjer primært at du fyller kvalifikasjonskrav jf Forskrift om kompetansekrav for leger i den kommunale helse- og omsorgstjenesten. 
• Som lege i Vinje vil du få kommunal fastløn.

Spørsmål om stillinga kan rettast til kommuneoverlege Marius Opsahl tlf: 35 06 25 00  

I samsvar med offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Søknad vert å sende på elektronisk skjema.


Velkomen som søkjar!
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk