Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Fastlege - vikariat

Vinje kommune søker fastlege i vikariat for perioden 18.06.2018 til 01.04.2019 med mogelegheit for forlenging. ID 1533
Søknadsfrist: 29.04.18

I Vinje har vi tre legekontor. Hovudkontoret ligg i Åmot, og vi har utekontor på Rauland og Edland. Ledig vikariat er knytt til Rauland, der kontoret for tida har ope fire dagar per veke. Ein dag i veka er arbeidsstad ved hovudkontoret i Åmot.

Legetenesta har fem legeårsverk, sjukeheimslege og ein turnuslege. Fastlegelista har ei listelengde på 850 pasientar. Som lege i Vinje vil du få kommunal fastløn.

Kommunen er vertskommune for Tokke – Vinje legevakt, lokalisert til legetenesta sine lokalar i Åmot. Legevakta er 10-delt.

Dersom fleire fastlegestillingar blir ledige, tilset vi og i desse.

  • Vi tilbyr gode ordningar, varierte oppgåver og eit spanande arbeidsmiljø. 
  • Du må ha norsk autorisasjon, gode samarbeidsevner og gode norskkunnskapar.
  • Vi ynskjer primært at du fyller kvalifikasjonskrav jf Forskrift om kompetansekrav for leger i den kommunale helse- og omsorgstjenesten.

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til kommuneoverlege Marius Opsahl tlf: 35 06 25 00 eller Helse og omsorgssjef Kari Dalen tlf: 478 94 710.

I samsvar med offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Søknad vert å sende på elektronisk skjema

Velkomen som søkjar!




  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk