Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kantineansvarleg - Rauland skule

60% fast stilling som kantineansvarlig frå 15.08.19 – Rauland skule - ID 1650
Søknadsfrist 27.05.19

Vinje kommune tilbyr alle elevane gratis skulemat. Måltidet skal være sundt og godt, og samstundes gje barna moglegheit til å smake på ulike rettar. Matserveringa er frå klokka 11:15 til 12:00 kvar dag. Du bestemmer sjølv kva for mat du vil servere innanfor dei retningslinjene og kostnadsrammene som ligg til grunn. Det er brødmat 2 – 3 gonger per veke, og varmmat dei andre dagane, det kan vere graut, suppe, taco, fisk osv.

Arbeidstida vil vere om lag fem timar kvar skuledag, med arbeidsfri i skulens feriar og fridagar. Ved tilsetjing må det framleggas politiattest av nyare dato.

Arbeidsoppgåver:
- Planlegge og gjere i stand maten i kantina
- Styre matserveringa
- Bestille og kjøpe inn mat
- Reinhald og orden på kjøkenet
- Ha oversyn over økonomien

Personlege eigenskapar:
- Sjølvstending og strukturert
- Serviceinnstilt
- Positiv og godt humør
- Ordensmenneske
- Trivast i eit høgt arbeidstempo
- Like å vere med barn

Kvalifikasjonar:
- Relevant fagbrev og/eller tidlegare erfaringar med kantinedrift eller anna relevant arbeidserfaring

Me kan tilby:
- Løn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Hjelp til å skaffe rimeleg husvære
- Gode barnehagetilbod

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. Nærare opplysningar om stillinga ved Wenche Hovda Røsholt, 350 62 253, wenche.hovda.rosholt@vinje.kommune.no
Søknad vert å sende på elektronisk skjema.

Velkomen som søkjar!

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk