Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kommunefysioterapeut - ferievikariat

Ynskjer du deg ein utfordrande og artig jobb til sumaren? Vinje kommune har ledig ferievikariat, 100 % frå 15.06.2018 – 15.08.2018. ID 1532.
Søknadsfrist: 1. mai 2018

Stillinga er plassert med sjefsfysioterapeut som næraste leiar. Fysio- ergo avdelinga består av 3 kommunale fysioterapeutar, 2 ergoterapeutar og 3 fysioterapeutar med driftstilskot.

Arbeidsoppgåver er mellom anna:

  • Habilitering/Rehabilitering i institusjon og heim
  • Førebyggjande arbeid og rehabilitering i kommunen i tråd med samhandlingsreforma

Vi søkjer etter deg som har desse kvalifikasjonane:

  • Har autorisasjon som fysioterapeut 
  •  Har gode samarbeidsevner og evner til å jobbe tverrfagleg og i team
  • Fagleg engasjement
  • Har evne til å arbeide sjølvstendig
  • Vere fleksibel og løysingsorientert
  • Personlege eigenskaper blir vektlagt ved tildeling, herunder fagleg engasjement og initiativ, god skriftleg- og munnleg framstillingsevne

For stillinga gjeld:

  • Løn  etter utdanning og kvalifikasjonar
  • Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
  • Søkjar må ha førarkort og kunne disponere eigen bil

For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med sjefsfysioterapeut Elisabet S. Haagensen tlf 409 03 666.  I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. Vitnemål og attestar må takast med til intervju. Det er krav om politiattest av nyare dato (ikkje eldre enn 3 mnd)

Søknad skal sendast på elektronisk skjema
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk