Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kommunefysioterapeut

100% vikariat som kommunefysioterapeut er ledig frå 01.04.2017 – 31.03.2018, ID 1429
Søknadsfrist 6. april 2017

Stillinga er plassert med sjefsfysioterapeut som næraste leiar. Fysio-/ergoavdelinga består av 3 kommunale fysioterapeutar, 2 ergoterapeutar og 3 fysioterapeutar med driftstilskot. 

Arbeidsoppgåver er mellom anna 

• Førebyggjande arbeid ved helsestasjon, i barnehage og skule 
• Førebyggjande arbeid og rehabilitering i kommunen i tråd med samhandlingsreforma
• Habilitering/rehabilitering i institusjon og heim

• Instruktør gruppetrening på dagtid i regi av frisklivssentralen

Me søkjer etter deg som har desse kvalifikasjonane 

• Har autorisasjon som fysioterapeut  
• Har gode samarbeidsevner og evner til å jobbe tverrfagleg og i team
• Fagleg engasjement 
• Har du erfaring med barn og unge, er det ein fordel. 
• Har evne til å arbeide sjølvstendig
• Vera fleksibel og løysingsorientert
• Personlege eigenskapar blir vektlagt, herunder fagleg engasjement og initiativ, god skriftleg- og munnleg framstillingsevne 

For stillinga gjeld 

• Løn  etter utdanning og kvalifikasjonar
• Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
• Søkjarar må ha førarkort og kunne disponere eigen bil

Ved tilsetjing føreset me at aktuelle kandidatar er kjende med politiske føringar for framtidas kommunehelseteneste jfr. Samhandlingsreforma og Primærhelsemeldinga. Me er opptekne av fagleg utvikling og kvalitet i tenestane og legg vekt på di evne til å vera med på å utvikle gode tenester for innbyggjarane i tråd med kommunens framtidige behov. 

For nærare opplysingar om stillinga, ta kontakt med sjefsfysioterapeut Elisabet S. Haagensen tlf 409 03 666.  

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. Vitnemål og attestar må takast med til intervju. Det er krav om politiattest av nyare dato (ikkje eldre enn 3 mnd).

Søknad skal sendast på elektronisk skjema

Velkomen som søkjar!
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk