Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Lærar - vikar ved Øyfjell oppvektsenter

Inntil 100% vikariat som lærar frå snarast til 31.07.19 – ID 1592. Vikariatet kan bli forlenga.
Søknadsfrist: 18.02.19

Fagynskje / kvalifikasjonar

Stillinga omfattar undervisning i 1.-7. trinn.

For stillinga ynskjer me ein person

  • Som kan vera ein tydeleg vaksen
  • Som er god til å kommunisere og samarbeide med born og vaksne
  • Som er fleksibel og syner interesse for endringsarbeid
  • Som tek initiativ og kan arbeide sjølvstendig

Me kan tilby:

  • Eit utviklande skulefagleg miljø
  • Eit positivt og godt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Gode barnehagetilbod

Nærare opplysningar om stillinga ved fungerande oppvekstsjef Mona Testad, 997 02 764, mona.testad@vinje.kommune.no

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i samband med intervjuet. Me ynskjer at det kjem klart fram av søknaden kvifor du søkjer. Administrasjonsspråk: nynorsk.

Politiattest må visast fram ved tilsetjing, jf. §10-9 i opplæringslova. I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Søknad må sendast på elektronisk skjema.

Velkomen som søkjar hjå oss !


  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk