Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Lærar i motorskulen - Vinje kulturskule

Frå 01.09.2017 er det er ledig inntil 30 % prosjektstilling som motorskulelærar i Vinje kulturskule - ID 1459. Søknadsfristen er 25.07.2017.

Me kan tilby

- Eit positivt, kreativt og godt arbeidsmiljø
- Eit utviklande skulefagmiljø
- Løn over gjeldande tariff
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Gode barnehagetilbod

Me ynskjer ein lærar som har 

- God kunnskap og kompetanse på arbeid og reparering av motoriserte kjøretøy og anna elektronikk
- God evne til å lære i frå seg og godt lag med ungdom
- Gjerne erfaring med individuell undervisning og gruppeundervisning
- Gode samarbeidsevner og som viser fleksibilitet, engasjement og arbeidsglede
- Lyst til å vere med på å utvikle kulturskulen vidare som eit lokalt ressurssenter

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing. 
Søkjar må disponere bil. 
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. 

Me ber om at søkjar nyttar elektronisk søknadsskjema og at det kjem klart fram av søknaden kvifor du søkjer stillinga.

Politiattest må visast fram ved tilsetting - jf. § 10-9 i opplæringslova, og i samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Nærare opplysingar om stillinga ved rektor i Vinje kulturskule, Anders Blystad, tlf 35 06 23 53 - abl@vinje.kommune.no   

Søknad vert å sende på elektronisk skjema.

Velkomen som søkjar hjå oss !

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk