Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Lærar ved Edland skule

Inntil 200 % mellombels som lærar frå 01.01.19-31.07.19 – ID 1578
Søknadsfrist er 02.01.19

Edland skule ligg øvst i Vinje nær Haukelifjell / Bykleheia. Edland skule er ein 1-10 skule med 87 elevar og om lag 20 tilsette.

Lærar – fagynskje
Ynskjeleg med fagkompetanse i spesialpedagogikk, Norsk 2, engelsk og norsk. Erfaring frå Norsk 2 og / eller spesialpedagogisk arbeid er ynskjeleg.

Det er moglegheit for at stillingane kan bli forlenga.

Nærare opplysningar om stillingane ved fungerande skulesjef Gunvor Botn, 990 41 480, gunvor.botn@vinje.kommune.no eller Rune Sudbø Tveito, 409 15 955, rune.sudbo.tveito@vinje.kommune.no

Me legg vekt på fylgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:
Edland skule treng personale som vil vera med å utvikle skulen, er lojal, har god evne til kommunikasjon og samarbeid, har endringsvilje og er god klasseleiar. Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Me treng personale som er utdanna allmennlærar eller har anna pedagogisk utdanning.

Me kan tilby:

  • Eit utviklande skulefagleg miljø
  • Eit positivt og godt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Gode barnehage- / SFOtilbod

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i samband med intervjuet. Me ynskjer at det kjem klart fram av søknaden kvifor du søkjer. Administrasjonsspråk: nynorsk.

Politiattest må visast fram ved tilsetjing, jf. §10-9 i opplæringslova. I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Søknad skal sendast på elektronisk skjema

Velkomen som søkjar hjå oss.


  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk