Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Næringssjef

100% fast stilling som næringssjef frå 01.01.2018. Id 1462.
Søknadsfrist: 26.09.17

Vinje kommune er ein fjellkommune med store naturressursar. Kommunen har status som nasjonalparkkommune og inngår i Unesco sin verdsarv Rjukan-Notodden industriarv.

Aktivitetar som jakt, fiske, sport, kunst og kultur har særs gode kår. Alt ligg til rette for eit godt liv i Vinje for alle generasjonar.

Velkomen til eit liv med lite kø, frisk luft og nærleik til alt som er viktig.

Vinje er landets 4. største hyttekommune og størst i Telemark innan vinterturisme. Reiseliv er viktigaste næring og utgjer vel 1/3 av verdiskapinga i kommunen. Reiseliv og landbruk er hovudsatsingsområda i kommunen, men allmenne nærings- og samfunnstiltak saman med kultur inngår også.

Vinje kommune er ein to-nivå-kommune. Einingsleiar har, innan gjevne rammer, fullt fagansvar, økonomiansvar og personalansvar med rapportering direkte til rådmannen.

Me kan tilby ein utfordrande og spennande stilling som er sentral i Vinje kommune si utvikling.

Arbeidsoppgåver (vil mellom anna vere):

  • Rådgjeving for kommunens politiske og administrative leiing i næringsspørsmål
  • Oppfylging og gjennomføring av kommunens næringsplan
  • Utvikling av gode nettverk og delta aktivt i lokale og regionale næringsmiljø
  • Pådrivar og sakshandsamar på fagområde innan næring og busetting
  • Samarbeid med andre einingar for å nå kommunens målsettingar

Kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning på masternivå og/eller lang relevant praksis med dokumenterte resultat
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med fokus på tverrfagleg samarbeid
  • Arbeidsmåte som er retta mot løysingar og resultat
  • Evne til god dialog og samhandling med næringsliv/innbyggjarar
  • Førarkort klasse B

Me legg vekt på fylgjande eigenskapar:

  • Sjølvstendig og resultatorientert med gode evner til samarbeid
  • Arbeidsmåte som er retta mot løysingar og resultat
  • Personleg eigna til stillinga

Me kan tilby:

  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Gode barnehagetilbod
  • Inkluderande og inspirerande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer

Skriftspråket i kommunen er nynorsk.

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Nærare opplysningar om stillinga ved rådmann Jan Myrekrok, tlf 996 37 676 eller e-post jan.myrekrok@vinje.kommune.no.

Søknad vert å sende på elektronisk skjema


  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk