Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Økonomi, plan og utvikling - Rådgjevar arealplan

100% vikariat som rådgjevar arealplan frå snarast - ID 1600
Søknadsfrist: 04.03.2019

Me søkjer ein ny kollega på avdeling for økonomi, plan og utvikling (ØPU) i Vinje kommune. Stillinga blir ledig frå snarast og er i utgangspunktet eit vikariat for eitt år - med mogleg forlenging. 

På avdelinga vil du jobbe tett saman med 2 arealplanleggarar – alle med lang røynsle frå fagområdet.  Det er elles godt tverrfagleg samarbeid mellom andre avdelingar som landbruk/næring og teknisk drift og vedlikehald.

Oppgåver knytt til stillinga er mellom anna:

• Overordna kommuneplanlegging (planstrategi, samfunnsdelen i kommuneplanen, arealdelen i kommuneplanen, kommunedelplanar)
• Temaplanlegging innan ulike fagområder 
• Arealplanlegging (utarbeiding og sakshandsaming av eigne og innsendte reguleringsplaner, delings- og dispensasjonssaker)

Arbeidsoppgåvene kan verte endra ved behov

Me søkjer ein medarbeidar der me legg vekt på fylgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:
• Relevant høgskule eller universitets utdanning
• Erfaring frå liknande arbeid vil bli vektlagt
• Evne til å arbeide sjølvstendig og ha gode administrative eigenskapar
• Evne til samarbeid
• Evne til å motivere og inspirere medarbeidarar til fagleg godt arbeid

Me kan tilby løn etter avtale, gode forsikrings- og pensjonsordningar, full barnehagedekking
og hjelp til å skaffe bustad.

Me ynskjer deg velkomen som søkjar til ei spanande stilling i godt miljø. Kommunen sitt
administrasjonsspråk er nynorsk. I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane
offentleggjerast.

Nærare opplysningar om stillinga blir gjeve av plan- og økonomisjef Gry Åsne Aksvik e-post: gryak@vinje.kommune.no

Søknad vert å sende på elektronisk skjema
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk