Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Øyfjell oppvekstsenter - barnehage

Det er ledig 80% vikariat som pedagogisk leiar frå 01.01. – 14.08.19, med mogleg auke til 100% frå 15.08.-31.12.19 - ID 1573
Søknadsfrist: 26.10.18


For stillinga ynskjer me ein person
• Som har godkjent barnehagelærarutdanning
• Som har gode leiareigenskapar
• Som har evne til å skape gode relasjonar til born og vaksne
• Som er fleksibel og syner interesse for endringsarbeid
• Som tek initiativ og kan arbeide sjølvstendig

Me kan tilby:
• Eit positivt og lærande arbeidsmiljø
• Kompetanseheving for tilsette
• 5 planleggingsdagar i året
• Løn etter avtale
• Avtale om arbeidstøy
• Gode forsikrings- og pensjonsordningar
• Gode barnehagetilbod

Nærare opplysningar om stillinga ved assisterande oppvekstsjef Unni Kristensen, 971 76 385, unni.kristensen@vinje.kommune.no

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i samband med intervjuet. Me ynskjer at det kjem klart fram av søknaden kvifor du søkjer. Administrasjonsspråk: nynorsk.

Politiattest må visast fram ved tilsetjing, jf. §19 i barnehagelova. I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Søknad vert å sende på elektronisk skjema

Velkomen som søkjar hjå oss.

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk