Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Organisasjonssjef

100% fast stilling.
Søknadsfrist 26.08.18

Har du lyst til å bli organisasjonssjef i Vinje kommune?
Du vil få ei nøkkelrolle på Vest-Telemarks største arbeidsplass, sitje tett på rådmannen, og bli del av rådmannens leiargruppe. Denne leiargruppa består i dag av rådmannsteamet og resultateiningsleiarane.

Stillinga som organisasjonssjef skal i aukande grad bidra - på tvers av fagområda - til å møte utfordringar som Vinje kommune står overfor. Dette gjeld særleg forvaltning av humankapitalen, vidareutvikling og digitalisering av kommunens tenester, nye arbeidsprosessar og effektiv ressursutnytting. Kort sagt - ei spanande toppleiarstilling som skal vere med på å ta Vinje kommune inn i framtida.

Som organisasjonssjef og leiar av Fellestenesta vil du ha direkte personalansvar for om lag 15 medarbeidarar, fordelt på arkivteneste, politisk sekretariat, personalavdeling/ bedriftshelseteneste og tenestetorg.
Medarbeidarane i Fellestenesta har som sine viktigaste arbeidsoppgåver å bidra til ei mest mogleg effektiv drift, og å tilby gode administrative tenester til resultateiningane. Fellestenesta er ei støtte for heile kommuneorganisasjonen gjennom plan- og strategiarbeid, forhandlingar, leiarutvikling, rådgjeving, kvalitetsarbeid, utviklingsarbeid osv. Ein viktig del av ansvaret er samarbeidet med tillitsmannsapparatet og vernetenesta. Fellestenesta har viktige publikumsretta tenester gjennom kommunens tenestetorg, sosiale media, arkiv, samt ansvaret for det politiske sekretariatet og den daglege oppfølginga av politiske utval.

Me søkjer deg som er ein endringsorientert og strategisk orientert leiar med sans for digitalisering og effektivisering av arbeidsprosessar. Du må ha evner til å leie og utvikle ein organisasjon med brukarfokus både mot eigne tilsette og kommunens innbyggjarar. Me forventar at du har eit heilskapleg blikk og bidreg i arbeidet med kommunens utfordringar på tvers av fagområda. Du fremmar godt og effektivt samarbeid innad i kommunen og med eksterne aktørar.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i den strategiske leiinga av Vinje kommune
  • Overordna ansvar for interne og eksterne tenester i administrasjon og støtte
  • Vidareutvikling og digitalisering av kommunens tenester
  • Bidra til høg kvalitet og god ressursutnytting i heile kommuneorganisasjonen
  • Utvikling av arbeidsgjevarrolla og forvalting av humankapitalen
  • Utvikling og ivaretaking av samarbeidet med dei tillitsvalte, samt internkontroll
  • Sikkerheitsansvarleg

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning
  • Relevant leiarerfaring
  • God innsikt i kommunal forvaltning
  • Forståing for politiske prosessar
  • Det er ynskjeleg at du har erfaring frå tilsvarande stilling med både operativt og strategisk fokus
  • Kjennskap til LEAN vil vera ein fordel

Eigenskapar

  • Er opptatt av etisk refleksjon
  • Er opptatt av å byggje relasjonskompetanse
  • Kan kommunisere godt med alle nivå i organisasjonen
  • Har evna til å skape entusiasme og få andre til å trivast
  • Har erfaring med og evner å arbeide strategisk
  • Meistrar rolla som initiativtakar, igangsetjar og pådrivar
  • Har god sjølvinnsikt og respekt for andre
  • Trivast med å jobbe både sjølvstendig og i team
  • Har stor arbeidskapasitet

Me tilbyr

  • Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
  • Kompetente medarbeidarar og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • Moglegheit til å vidareutvikle vår organisasjonskultur
  • Lønn og øvrige vilkår etter avtale
  • God pensjonsordning
  • Vinje kommune er ei IA-verksemd
  • Vinje kommune ynskjer å vere representativ for mangfaldet i befolkninga, og vil derfor oppmode alle kvalifiserte kandidatar til å søke hjå oss uansett alder, kjønn, seksuell orientering, funksjonshemning, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
  • Jf. offentleglova § 25 plikter arbeidsgjevar å gjere søkjarar merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å bli unnateke det offentlege. Vinje kommune vil varsle søkjarar som har bede om unntak frå offentleggjering viss dette ynskjet ikkje kan imøtekomast.

Om arbeidsgjevaren

Vinje kommune har eventyrlege naturomgjevnader med fjellområde og friluftslivstilbod. Vinje er eit moderne bygdesamfunn i vekst. Her utviklast høgkompetansearbeidsplassar parallelt med turisme og servicenæringar. Aktivitetar som jakt, fiske, sport, kunst og kultur har særs gode kår. Alt ligg til rette for eit godt liv i Vinje for alle generasjonar. Velkomen til eit liv med lite kø, frisk luft og nærleik til alt som er viktig. Kommunen er ein godt driven organisasjon med godt omdømme og dyktige fagfolk. Me satsar på medarbeidarskap der alle i heile organisasjonen er viktige brikker med felles mål om å utvikle framtida og gjere Vinje til ein god stad å vere. Det er høg trivsel blant barn og unge, samt gode helse- og aktivitetstilbod for alle. Alt ligg til rette for både utvikling og aktivitet i flotte omgjevnader med unike idretts- og friluftstilbod.

Vinje kommune er ein to-nivå-kommune. Einingsleiarane har, innan gjevne rammer, fullt fagansvar, økonomiansvar og personalansvar med rapportering direkte til rådmannen. Organisasjonssjefsjobben i Vinje kommune bør vere ein draum for ein visjonær leiar. Her er rammer og tradisjonar for å lukkast! På lag med dyktige kollegaer og tilsette kan ein få til det meste.

Spørsmål om stillinga

Kontaktpersonar: Wenche Kristiansen tlf. 922 83 756 eller Rolv Brudal tlf. 473 51 393.

Søknaden sendast på elektronisk søknadsskjema  og merkast med : 3865714640.


  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk