Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Prosjektstilling i Vest-Telemark PPT

Frå 1.8.2018 er det ledig 100% fast stilling som dagleg leiar ved Vest-Telemark PPT IKS.
Søknadsfrist: 05.05.18

Bilder av kommunevåpna til Vest-Telemarks kommunane

Vest-Telemark PPT er ei interkommunal teneste for kommunane Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke, Vinje og Telemark Fylkeskommune. Kontorstaden er i Kviteseid, med Kviteseid som vertskommune.

Kontoret har 7 fagstillingar og 1 merkantil stilling.

Ein vektlegg førebyggjande og systemretta arbeid, for å bidra til eit godt lærings- og utviklingsmiljø i barnehagar og skular. 

Dagleg leiar har omlag 50% stilling til leiing, den resterande delen er i hovudsak no knytt til systemarbeid i barnehage og skule. Vidare vil dagleg leiar ha ansvar for vidareutvikling av tverretatleg samarbeid, for å gje eit heilskapleg tenestetilbod til brukarane.

Leiaren skal bidra til ein innovativ og proaktiv teneste ovanfor dei samarbeidande kommunane.

Leiaren har fag-, økonomi- og personalansvar, og rapporterar til styret.  

Me legg vekt på følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • relevant høgare utdanning (høgskule/universitet)
  • leiarerfaring og/eller leiarutdanning
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • kunnskap om relevant lov og avtaleverk
  • nytenkande og evne til å inspirere og motivere
  • stor arbeidskapasitet, evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • personleg eigna til stillinga

Me kan tilby:

  • lønn etter avtale
  • tilsetjing på kommunale vilkår
  • utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert teneste 
  • eit godt arbeidsmiljø 
  • kultur for deling av kompetanse
  • høve til fagleg utvikling
  • godt samarbeid med barnehagane og skulane i regionen

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Ber om at attesterte vitnemål og attester blir tatt med i intervju. 

Dei som vert tilsett, må leggje fram tilfredsstillande politiattest . 

Søkjaren må disponere eigen bil i tenesta.

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å henvende seg til styreleiar Sverre Sæter (rådmann i Nissedal kommunen), mob.: 993 40 862 eller e-post: sverre.seter@nissedal.kommune.no 

Søknad med CV på elektronisk søknadsskjema 

Velkomen som søkjar!          

    Logo ppt iks
           





  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk