Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Psykisk helse og rus

200 % fast stilling som Psykiatrisk sjukepleiar frå snarast – ID 1565
Søknadsfrist: 24.08.2018

 I avdeling psykisk helse og rus er det ledig 2 faste 100 % stillingar som psykiatrisk sjukepleiar med 35,5 t/v. Turnusstilling med arbeid kvar 3. helg. Oppstart etter avtale.

Arbeidet er variert og utfordrande, mellom anna med oppgåver retta mot individuell oppfylgjing av brukarar, miljøarbeid i bustad og dagsenter.

Me legg vekt på fylgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:

• Søkjar bør ha vidareutdanning i psykisk helsearbeid
• Ha interesse for fagfeltet psykiatri, rus og miljøarbeid
• Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med psykose pasienter
• Gode norskkunnskapar, både munnleg og skrifteleg, minimum nivå B2
• Førarkort klasse B. Må kunne disponere eigen bil
• Me søkjer ein sjølvstendig og resultatorientert person med gode evner til samarbeid og fleksibilitet
• Personleg eignaheit blir vektlagt
• Lovkrav om politiattest


Dersom fleire stillingar vert ledige med bakgrunn i interne omrokkeringar, tilset me og i desse.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Nærare opplysningar om stillinga ved avdelingsleiar Carsten Ch. Hald,
e-post: Carsten.Hald@Vinje.Kommune.no

Søknad på elektronisk skjema

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk