Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Psykologspesialist i barne- og ungdomspsykologi/psykolog

100% fast stilling som psykologspesialist i barne- og ungdomspsykologi/psykolog ved for tida Vinje, Tokke og Fyresdal kommunar. ID 550.
Søknadsfrist 30.12.17

Kommunane har tilsaman 7300 innbyggjarar. Cirka 1530 er born og unge i alderen 0-20 år. Ein av kommunane har vidaregåande skule. Vest-Telemark er kjent for sin kultur, flotte natur og gode moglegheitar til friluftsliv.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Klinisk verksemd med behandling, utgreiing og kartlegging av pasientar (evt. for vidare sending til spesialisthelsetenesta)
  • Samarbeid med tverrfaglege team i kommunane
  • Rettleiing av born og føresette
  • Førebygging (undervise tilsette i barne- og ungdomsskulen)

Kvalifikasjonar:

  • Autorisert psykolog
  • Erfaring med samtaler med born, ungdom og foreldre
  • Erfaring med samarbeid og rettleiing av andre faggrupper

Personlege eigenskaper:

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • God på rettleiing
  • Sjølvstendig og trygg på utøving av faget

Me tilbyr:

  • 100% fast stilling
  • Lønn etter avtale
  • Moglegheit for å vera med på å utvikle tenesta
  • Deltaking i nettverk  med andre psykologar, DPS og samarbeid med tilsvarande stilling i Seljord, Kviteseid og Nissedal
  • Gode pensjonsordningar

Søkarar utan spesialitet vil måtte inngå avtale om spesialisering.
Søkjer må ha sertifikat og nytte eigen bil. Det blir gitt køyregodtgjersle etter gjeldane satsar.
Tilsettingstidpunkt: Etter avtale

Spørsmål om stillinga kan rettas til:
Ann Wraa, helse og omsorgssjef Tokke kommune tlf: 35 07 55 01/970 21 422
Elin Erikstein, fagleiar psykisk helse Tokke kommune tlf: 35 07 55 46/970 58 050

Søknad vert å sende til Tokke kommune på elektronisk søknadsskjema


  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk