Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Rådgjevar Vinje næringskontor og ØPU

Vinje Næringskontor og ØPU
100% fast stilling som rådgjevar frå 01.08.2018 – ID 1537

Søknadsfrist: 25.05.2018

Stillinga er for tida plassert under Næringskontoret, men med arbeidsoppgåver for båe einingane. 
Oppgåver som til dømes:
- Økonomioppgåver
- Diverse næringslivsarbeid.
- Ymse prosjekt- og utgreiingsoppgåver. 

Me legg vekt på fylgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:

• Relevant høgskule eller universitetsutdanning.
• Du må kunne arbeide sjølvstendig, og ha evne til å nå resultat ved samarbeid med andre.
• Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med fokus på tverrfagleg samarbeid.
• Arbeidsmåte som er retta mot løysingar og resultat.
• Evne til god dialog og samhandling med innbyggjarar/brukarar.

Me kan tilby:
• Løn etter avtale
• Gode forsikrings- og pensjonsordningar
• Hjelp til å skaffe rimeleg husvære
• Gode barnehagetilbod

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Nærare opplysningar om stillinga ved næringssjef Knut Martin Edland knut.martin.edland@vinje.kommune.no eller plan- og økonomisjef Gry Åsne Aksvik gry.aasne.aksvik@vinje.kommune.no .

Søknad vert å sende på elektronisk skjema



  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk