Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Reinhald og tekstil

Vinje reinhald og tekstil, Åmot/Rauland – ID 1482
100% vikar stilling som reinhaldar frå snarast og fram til 31.12.2018. Stillinga kan bli fast.
Søknadsfrist: 27.11.2017

Reinhald og tekstil er dela inn i tre område/avdelingar: Åmot, Rauland og Edland. Fordelinga av stillinga er for tida slik:
• 40% v/kommunehuset i Åmot
• 10% v/Bruli – bustadar innan psykisk helse
• 10% v/biblioteket i Åmot
• 40% vikar/styrkingsressurs i område Åmot/Rauland
Fordelinga kan bli endra etter behov.

Arbeidsoppgåver: 
Utføre dagleg og periodisk reinhald av høg standard. Ein tek som mål arbeide etter INSTA 800.

Me legg vekt på fylgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:
• Ynskjeleg at søkjar har fagbrev som reinhaldsoperatør
• Relevant praksis
• Gode haldningar, kommunikasjon- og samarbeidsevne i arbeidsmiljøet
• Evna til å arbeide sjølvstendig og i team
• Evna til å vera fleksibel og ha stor arbeidskapasitet
• Søkjar må ha førarkort kl. B
• Søkjar må gode norskkunnskapar og minimum tilsvarande B1
• Arbeidsmåte som er retta mot løysingar og resultat i samarbeid med andre
• Gyldig politiattest


Me kan tilby:
• Løn etter gjeldande tariff
• Gode forsikrings- og pensjonsordningar

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Nærare opplysningar om stillinga ved Anne Langen + anne.langen@vinje.kommune.no

Søknad skal sendast på elektronisk skjema.


  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk