Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Ringevikarar til Vinjebarnehagen

Lyst til å prøve deg i verdas beste jobb ?

I samband med kortare og litt lengre fråver treng Vinjebarnehagen ringevikarar.

Du må like å vera i lag med barn, tørre å by på det du er god til og ha lyst til å lære om barnehagearbeid. Du må ha gode samarbeidsevner og ei positiv innstilling til små og store menneske. 

Me kan tilby arbeidsdagar med mykje variasjon, gode møte mellom menneske, sjans til å vere både ute og inne i løpet av arbeidsdagen og mykje godt fagleg påfyll gjennom arbeidet, gjennom møte og kursdagar.

Her kan du finne meir interessant om Vinjebarnehagen.

Fristar dette?

Ta kontakt med dei barnehagane du ynskjer å arbeide i - telefonnummer til oss finn du her.

Dei som blir tilsette må legge fram politiattest av nyare dato før arbeidet startar.

Me ser fram til å høyre frå deg!
Helsing styrarane i Edland, Øyfjell, Rauland og Åmot barnehagar

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk