Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Vinjeskulen

Vinjeskulen har fleire ledige stillingar for skuleåret 2019 / 2020. Det er både faste stillingar og vikariat.
Vinjeskulen består av 4 skular, Rauland, Åmot, Øyfjell og Edland som alle ligg i flotte naturomgjevnader med store moglegheiter for friluftsliv. Skulane har varierande storleik frå om lag 50 til 150 elevar. Integrering og vaksenopplæring ligg på Åmot skule. Me har mange ulike fagynskje på skulane og spesialpedagogisk kompetanse vert prioritera. Vinjeskulen har for tida inkludering og utvikling av spesialundervisning som satsingsområde.
Søknadsfrist: 28.03.19

Åmot skule

Åmot skule ligg i tettstaden Åmot, omkransa av fin natur og fjellområde. Skulen står sentralt i bygda med flotte nye bygg og idrettsanlegg vegg i vegg. Åmot skule er ein 1-10 skule med om lag 150 elevar i grunnskulen, 25 elevar på vaksenopplæringa og om lag 40 tilsette. Skulen er mottaksskule for BUFETAT sin barne- og ungdomsinstitusjon Miljøheimen.  

Me har ledig fylgjande stillingar:
Inntil 160% mellombels stilling som lærar på vaksenopplæringa frå 01.08.19-31.07.20 – ID 1622 
Inntil 140% vikariat som lærar på barnetrinnet frå 01.08.19-31.07.20 – ID 1624 
Inntil 170% vikariat som lærar på barnetrinnet (5-7 trinn) samt faglærar engelsk og norsk på ungdomstrinnet frå 01.08.19-31.07.20 – ID 1625  
Inntil 100% mellombels stilling  som fagarbeidar / assistent – spennande arbeid med elevar på ungdomstrinnet.  Søkjarar med spesialpedagogisk kompetanse prioriterast. Frå 15.08.19-19.06.20 – ID 1626
Inntil 160% mellombels stilling som fagarbeidar / assistent – spennande arbeid med elevar på barnetrinnet (1-7 trinn) frå 15.08.19-19.06.20 – ID 1627  
Tilkallingsvikarar i skule / SFO skuleåret 2019 / 2020 – ID 1628 

Lærar 
Ynskjeleg med fagkompetanse til alle fag i 1. - 4. trinn. Erfaring frå særskilt språkopplæring på alle trinn og spesialpedagogisk kompetanse vert høgt prioritert. Me treng lærarar med norsk og engelsk til barnetrinn og ungdomstrinn.   
På vaksenopplæringa ynskjer me personar som har erfaring med undervisning av vaksne. Språkkompetanse er særs viktig i jobben.

Fagarbeidar / assistent 
Ynskjeleg med utdanning og / eller erfaring frå arbeid med barn og ungdom. Det er eit ynskje om erfaring frå arbeid med utfordrande barn og unge.  

Nærare opplysningar om stillingane ved skulesjef Andrè Johannessen, 410 44 168, andre.johannessen@vinje.kommune.no


Rauland skule

Rauland skule ligg på Rauland omkransa av fin natur. Rauland skule er ein 1-10 skule med 142 elevar og 26 tilsette.

Me har ledig fylgjande stillingar:
Inntil 200% fast stilling som lærar frå 01.08.19 – ID 1631 
Inntil 200% vikariat som lærar frå 01.08.19-31.07.20 – ID 1632 
Inntil 100% fast stilling som fagarbeidar / assistent i skule / SFO – ID 1633

Lærar 
Me ynskjer lærarar som har pedagogisk utdanning. Me vektlegg erfaring frå grunnskulen og stabilitet.  Allmennlærar eller grunnskulelærar 1-7 og undervisningskompetanse i norsk, matematikk og engelsk (30 studiepoeng). Grunnskulelærar 5-10, med norsk og engelsk i ungdomsskulen (60 studiepoeng). Kontaktlærarerfaring i småskulen og ungdomsskulen. Andre prioriterte fag kan vera: spesialpedagogikk, musikk og kunst og handverk.

Fagarbeidar / assistent 
Godkjend utdanning som barne- og ungdomsarbeidar eller liknande. Me vektlegg stabilitet og me ynskjer at du likar å vera ute med borna.  
Arbeidsoppgåver:
• Oppfylging av einskildelevar 
• SFO-leiar kan bli lagt til stillinga 
• Stillinga kan bli fordela i mindre storleik ved trong.
Nærare opplysningar om stillingane ved skulesjef Wenche Hovda Røsholt, 905 56 033, wenche.hovda.rosholt@vinje.kommune.no


Edland skule

Edland skule ligg øvst i Vinje nær Haukelifjell / Bykleheia. Edland skule er ein 1-10 skule med 84 elevar og om lag 20 tilsette. 

Me har ledig fylgjande stillingar:
100% fast stilling som assisterande skulesjef frå 01.08.19 – ID 1618
Inntil 200% fast stilling som lærar frå 01.08.19 – ID 1619
Mogleg ledig, inntil 50% fast stilling som lærar frå 01.08.19 – ID 1620 
Inntil 200% vikariat som lærar frå 01.08.19-31.07.20 – ID 1621
Inntil 60% fast stilling som fagarbeidar / assistent frå 01.08.19 – ID 1623 
Tilkallingsvikarar i skule / SFO skuleåret 2019 / 2020 – ID 1634 

Assisterande skulesjef 100% fast
Stillinga som assisterande skulesjef inneber om lag 50 % undervisning og 50% administrasjon. Assisterande skulesjef er ein del av leiargruppa ved skulen. Me ynskjer ein sjølvstendig person som har gode samarbeidsevner, er fleksibel og kan jobbe resultatorientert. Det er viktig at du likar pedagogisk utviklingsarbeid og kan vera ein deltakande aktør i utvikling av Edland skule som lærande organisasjon. 

Me legg vekt på nokre kvalifikasjonar og eigenskapar:
• Du har godkjent pedagogisk utdanning for undervisning i grunnskulen
• Du har erfaring frå pedagogisk utviklingsarbeid og skuleutvikling
• Du har god arbeidskapasitet og erfaring med ulike IKT- verktøy og system
• Du er ein støttande, tydeleg og synleg leiar som motiverer til felles innsats
• Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner som du også kan nytte tverrfagleg
• Du ser løysingar på utfordringar som kjem og taklar stress på ein god måte
• Du involverer alle ledd og har god systematikk og gjennomføringsevne
• Du er modig og har en leiarstil prega av gjensidig respekt, engasjement, samarbeid og humor

Me kan tilby:
• Konkurransedyktig løn etter avtale
• Nettverk med dyktige skule- og barnehageleiarar
Lærar 200% fast
Me ynskjer lærarar som har godkjend kompetanse for undervisning på barnetrinn 1-7.
Alle fag og trinn i barneskulen er aktuelle, men det er særleg trong for fylgjande kompetanse: spesialpedagogikk og begynnaropplæring i basisfag. Funksjon som kontaktlærar kan bli lagt til stillinga.
Lærar mogleg inntil 50% fast
Me ynskjer lærarar som har godkjend kompetanse for undervisning på barnetrinn 5-10.
Engelsk og tysk i ungdomsskulen. Elles er det fordel om du har eitt eller fleire basisfag i fagkretsen din. Funksjon som kontaktlærar kan bli lagt til stillinga.

Lærar inntil 200% vikariat
Basisfag, norsk for fleirspråklege, spesialpedagogikk. Funksjon som kontaktlærar kan bli lagt til stillinga.

Fagarbeidar / assistent
Utdanning og erfaring frå liknande arbeid.

Arbeidsoppgåver:
• Assistent i skulefritidsordning
• Assistent i skule med einskildelevar / grupper / klasser
• Arbeid i skule og SFO med elevar som har spesialundervisning
• Skulematordning

Nærare opplysningar om stillingane ved fungerande skulesjef Rune Sudbø Tveito, 409 15 955, rune.tveito@vinje.kommune.no 

Øyfjell oppvekstsenter

Øyfjell oppvekstsenter ligg i nedre del av Vinje, mot Tokke og er ei aktiv idrettsbygd i vekst. Skulen har 48 elevar og det er 22 ungar i barnehagen. Det er om lag 19 tilsette ved oppvekstsenteret.

Me har ledig fylgjande stillingar:
Inntil 50% vikariat som lærar frå 01.08.19-31.07.20 – ID 1629
100% fast stilling som fagarbeidar / assistent frå 01.08.19 – ID 1630
Tilkallingsvikarar i skule / SFO skuleåret 2019 / 2020 – ID 1635  


Lærar inntil 50% vikariat 
Me ynskjer lærar som har kunst og handverk og / eller spesialpedagogikk.

Fagarbeidar / assistent
Det er ynskjeleg med utdanning som barne- og ungdomsarbeidar eller liknande. Me vektlegg stabilitet, det å vera ein trygg person og personlege eigenskapar. Noko av stillinga er lagt til SFO.

Nærare opplysningar om stillingane ved fungerande oppvekstsjef Mona Testad, 997 02 764, mona.testad@vinje.kommune.no

Felles for stillingane i Vinjeskulen
Skulle det bli ledig fleire lærar- / fagarbeidar- / assistentstillingar i kommunen (vikariat, mellombelse eller faste) fram mot 01.08.19 vil me tilsetje etter same søkjarliste.

Me legg vekt på fylgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:
• Personlege eigenskapar
• Evne til å skape gode relasjonar til elevar og vaksne
• God samarbeidsevne og som viser fleksibilitet, engasjement og arbeidsglede
• Lyst til å bidra i ein utviklande og lærande organisasjon
• Gode klasseleiingseigenskapar
• God kompetanse i bruk av IKT i undervisninga
• Gode norskferdigheiter munnleg og skriftleg

Me kan tilby:
• Eit utviklande skulefagleg miljø med plan for kompetanseutvikling
• Eit positivt og godt arbeidsmiljø
• Løn over gjeldande tariff
• Gode forsikrings- og pensjonsordningar
• Gode barnehagetilbod, kulturskule og idrettslag

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i samband med intervjuet. Me ynskjer at det kjem klart fram av søknaden kvifor du søkjer. Administrasjonsspråk: nynorsk.

Politiattest må visast fram ved tilsetjing, jf. §10-9 i opplæringslova. I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Søknad vert å sende på elektronisk skjema


Velkomen som søkjar hjå oss.
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk