Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Ledige stillingar hjå Vest-Telemarkrådet

Vest-Telemarkrådet søkjer etter Utviksleiar samfunn og næring og Prosjektleiar velferdsteknologi.
For båe stillingane er søknadsfristen 05.04.19.

Prosjektleiar velferdsteknologi


Vest-Telemarkrådet søkjer ein prosjektleiar som skal bidra til at velferdsteknologi vert ein naturleg del av tenestetilbodet i Vest-Telemark.

Arbeidsoppgåver
Som prosjektleiar for velferdsteknologi, vil dine oppgåver bli å få på plass prosedyrar og planarbeid, følgje opp aktuelle rammeavtaler og medverke til nye avtaler. Du vil og få ansvar for vidareutvikling av kompetanse, tverrfagleg samarbeid og nettverk i kommunane og leggje til rette for overgang frå prosjekt til varig drift.

Vi kan tilby
Spennande arbeidsoppgåver i ei 100% 2-årig prosjektstilling med løn etter kvalifikasjonar. Vi har gode pensjonsordningar og kontorstad i eit inspirerande og triveleg miljø i næringshagen i Kviteseid.

Er du den rette?
Du bør ha ein master- eller bachelorgrad og erfaring frå relevante fagområde og prosjektarbeid.
Du bør og ha god system- og organisasjonsforståing, gjennomføringsevne og kjennskap
til velferdsteknologi, informasjonstryggleik og personvern.
Stillinga krev god munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Vil du vite meir?
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med regionrådsleiar Anne Aasmundtveit
på e-post aa@vt-radet.no eller telefon 402 38 178 eller samhandlingskoordinator
Kari Gro Espeland på e.post samhandling@seljord.kommune.no eller telefon 995 39 515.
Full utlysingstekst finn du på vår nettside www.vt-radet.no.

 Søknad sendast aa@vt-radet.no innan 5. april 2019.

Utviklingsleiar samfunn og næring


Vest-Telemarkrådet søkjer ein utviklingsleiar som skal ta aktiv del i samfunns- og næringsutviklinga i regionen.

Arbeidsoppgåver
Du vil få jobbe strategisk med infrastruktur, særskilt samferdsel, vera ein politisk pådrivar mot sentrale styresmakter og initiere, delta i og leie større samfunns- og næringsprosjekt i regionen. Du skal og medverke til organisasjons- og tenesteutvikling i kommunane.

Vi kan tilby
Spennande arbeidsoppgåver i ei 100% fast stilling, løn etter kvalifikasjonar, gode pensjonsordningar og kontorstad i eit inspirerande og triveleg miljø i næringshagen i Kviteseid sentrum.

Er du den rette?
Du bør ha ein master- eller bachelorgrad og erfaring frå relevante fagområde samt ei overordna forståing for samfunnsutvikling og utfordringar i distrikta. Du bør og ha evne til å jobbe strukturert, bygge relasjonar og skape entusiasme. Stillinga krev god munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Vil du vite meir?
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med regionrådsleiar Anne Aasmundtveit på e-post aa@vt-radet.no eller telefon 402 38 178.
Full utlysingstekst finn du på vår nettside www.vt-radet.no.

Søknad sendast aa@vt-radet.no innan 5. april 2019.

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk