Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark

70% fast stilling som jordmor frå 01.01.2018 – ID 1490
Til saman 140% vikarstilling som jordmor frå 01.01.2018 til 01.02.2019 – ID 1491
Søknadsfrist 11.12.2017.

Frå 1. januar 2018 blir alle jordmortenester for Vinje, Seljord, Kviteseid og Fyresdal organisert etter vertskommunemodell § 28-1b med Vinje kommune som vert. Døgnberedskapen for følgetenesta blir organisert som del av vertskommunesamarbeidet mellom kommunane Tokke, Vinje, Kviteseid, Seljord, Fyresdal og STHF. Vaktbasen ligg i Seljord. Jordmødrene som inngår i samarbeidet skal samla gje eit fagleg godt tilbod under svangerskap og i barseltid.

Som jordmor i samarbeidet vil du inngå som del av den samla bemanninga.

Dine oppgåver blir knytt mot deltaking i jordmorberedskap og i kommunale oppgåver på helsestasjonane i regionen.

Sentrale oppgåver:
- Oppfylging under svangerskap og etter fødsel
- Vaktberedskap i turnus
- Heimebesøk etter fødsel
- Fødselsførebuande kurs mv

Kvalifikasjonskrav: Jordmor

Vi søker deg som:
- Synest det er spennande å vere med å forme eit nytt tenestetilbod i regionen
- Som likar å samarbeide
- Som er fleksibel

Vi tilbyr løn i ht kommunal stige
Tilsetjing skjer etter vanlege kommunale vilkår.
Søkjar må disponere eigen bil

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Nærare opplysningar om stillinga ved kommunejordmor Vinje, Sissel Aardalen Brekke, tlf 994 01 860

Søknad vert å sende på elektronisk skjema
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk