Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Vinje helse og omsorg - psykisk helse og rus

100% fast stilling som vernepleiar/psykiatrisk sjukepleiar/sjukepleiar, frå snarast – ID 1575
Søknadsfrist: 09.11.2018

Turnusstilling med arbeid kvar 3. helg. Me oppmodar menn om å søkje.

Arbeidet er variert og utfordrande. Arbeidsoppgåvene er retta mot tett individuell oppfylgjing av bebuarar og miljøarbeid i bustad. Det er etablert team rundt kvar enkelt bebuar.  Tilsette får  rettleiing og undervisning regelmessig.

Me legg vekt på fylgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:

• Søkjar bør ha vidareutdanning og/eller erfaring innan psykisk helsearbeid
• Ha interesse for fagfeltet psykiatri, rus og miljøarbeid
• Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med psykose pasientar og utagerande pasientar
• Gode norskkunnskapar, både munnleg og skrifteleg – minimum nivå B2
• Førarkort klasse B. Må kunne disponere eigen bil
• Me søkjer etter ein sjølvstendig og resultatorientert person med gode evner til samarbeid og fleksibilitet
• Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
• Lovkrav om politiattest

Dersom fleire stillingar vert ledige med bakgrunn i interne omrokkeringar, tilset me og i desse. I samsvar med offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. Nærare opplysningar om stillinga ved avdelingsleiar Carsten Hald, tlf.nr.: 909 37 093.

Søknad på elektronisk skjema

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk