Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Ledig stilling i Vinjeskulen - Edland skule

Det er ledig inntil 100% vikariat som lærar frå 01.08.18-31.07.19 – ID 1538
Søknadsfrist: 31.05.18

Velkomen til nasjonalparkkommunen Vinje, ein fjellkommune i Vest Telemark som er innfallsporten til Hardangervidda. Kommunen har gode kulturtilbod, og kan by på eit mangfald av opplevingar både sommar og vinter. 
Vinje kommune har fire skular med lokalisering i Åmot, Rauland, Edland og Øyfjell. Alle skulane samarbeider mot felles hovud- planar og mål, samstundes som eigenart vert dyrka lokalt. Vinjeskulen har dei siste åra satsa på vurdering, lesing, læringsmiljø og evne til å framføre og formidle. Skulane jobbar etter visjonen «Positive opplevingar og personleg framgang». 

Edland skule
Edland skule ligg øvst i Vinje nær Haukelifjell / Bykleheia. Edland skule er ein 1-10 skule med 89 elevar og om lag 20 tilsette. 

Lærar – fagynskje
Ynskjeleg med fagkompetanse i faga norsk, matematikk og engelsk. Me ynskjer også at du har erfaring frå språkopplæring på alle trinn. 

Skulle det bli ledig fleire lærarstillingar (vikariat, mellombelse eller faste) fram mot 01.08.18 vil me tilsetje etter same søkjarliste.

Me legg vekt på fylgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:
Edland skule treng personale som vil vera med å utvikle skulen, er lojal, har god evne til kommunikasjon og samarbeid, har endringsvilje og er god klasseleiar. Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Me treng personale som er utdanna allmennlærar eller har anna pedagogisk utdanning. 

Me kan tilby:
• Eit utviklande skulefagleg miljø
• Eit positivt og godt arbeidsmiljø
• Løn etter avtale
• Gode forsikrings- og pensjonsordningar
• Gode barnehagetilbod

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i samband med intervjuet. Me ynskjer at det kjem klart fram av søknaden kvifor du søkjer. Administrasjonsspråk: nynorsk.

Politiattest må visast fram ved tilsetjing, jf. §10-9 i opplæringslova. I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Søknad på elektronisk skjema

Velkomen som søkjar hjå oss.
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk