Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Å gjera Vest-Telemark til ein varmare stad å bu

I 25 år har ein delt ut Diakoniprisen for Vest-Telemark. Prisen går til personar, lag eller organisajonar som lever etter visjonen for Vest- Telemark diakonien: Å gjera Vest- Telemark til ein varmare stad å bu!

Årets pris gjekk til Kakeringen i Åmot i Vinje. Prisen vart delt under Diakonisamlinga på Dalen ( sundag kveld 8.april) og vart feira ilag med både biskop Stein Reinertsen og generalsekretær i Kirkens Bymisjon Adelheid Firing Hvambsal: 

I grunngjevinga for prisen heiter: 

Her vert alle folk ønskt varmt velkomne. Her møter ein ofte venlege ord og mange smil. 
Dette er ein stad der folk kan kjenne at dei er verdt noko. Det ser ut til å gjelde anten ein står bak disken eller nyttar staden som gjester.
Personalets inkluderande veremåte gjer at mange kjenner at dette er kaféen deira. 
Gjennom dei siste ti åra er skapt ein sosial møtestad her . Gjennom bevisst arbeid med kvalitet på bakverk og mat, men  ikkje minst personalet  sin inkluderande måte  å møte gjestene på, kjenner ein seg velkomen her.

( Foto: Olav Johre )
Diakoniprisen
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk